– Eg kjem! Skriv Falk i ein kort sms til Sunnmørsposten og bekreftar at ho er attende i Nordvest Maraton. Det løpet har ho berre sprunge ein gong tidlegare, kan løpsleiar Vidar Vollsæter stadfeste.

– Eg tippar Therese er revansjesugen. For sist ho deltok her måtte ho gje seg etter rundt 35 km, seier Vollsæter. Som var med å skipe til Nordvest Maraton. Han er framleis løpsleiar, for 28. gong i morgon!

– Deltakinga var veldig dårleg i fjor og vi vurderte om vi skulle legge ned Nordvest Maraton. No har vi flytta det ei helg ut i tid og håper det skal gje ein ny giv, seier Vollsæter i Hareid IL.

For i fjor sprang berre to løparar full distanse på 42195 meter medan 31 sprang halvmaraton.

– Sidan løypa er dryge 21 km spring heilmaraton to rundar, fortel løpsleiaren framfor årets utgåve. Der Therese Falk nok er den mest kjende i langløpsmiljøet. Ho sette nyleg verdsrekord på tid, då ho sprang ti maratonløp på like mange dagar. Falk er ein ultraløper, det vil seie at ho trivs best dess lenger eit løp er.