Grimstadvatnet Rundt:

Slo den "uslåelege" rekorden

Ådne Andersen, hareidsdølingen som dei siste åra har representert Dimna IL, var heimom for å delta i Grimstadvatnet rundt på Hareid laurdag. 

Ådne Andersen frå Dimna IL sletta Marius Bakken sin nærast uslåelege rekord i Grimstadvatnet rundt. No ser han fram mot Nordisk meisterskap i Finland komande helg.   Foto: Einar Trovåg

Lokal sport

Løpet har blitt arrangert fire gonger kvar vinter sidan 1981. Dette var altså løp nummer 153. Formsterke Andersen, som er aktuell for terreng-EM i desember, sikta seg inn på tidlegare landslagsprofil Marius Bakken sin løyperekord på 22.50 frå 2005. Og det klarte han! Tida vart smått utrulege 22.39, og det med periodevis sterk vind i den ca. 7.8 kilometer lange løypa.