Volda på femteplass i handballens 1. divisjon:

-Små marginar som skiljer

Volda har åtte kampar att i 1. divisjon handball for damer, og kan framleis blande seg inn i toppskiktet.

Kine Kvalsund er kaptein på Volda, men har mista mange kampar grunna skade. Men mot Haslum er ho attende på laget, og det er bra.   Foto: Jarle Mordal

Lokal sport

– Vi rykk ikkje ned, og det er framleis ein sjanse for at vi kan kjempe om opprykk. Men vi må ta kvar kamp for seg, ikkje drøyme oss bort. Og no er det Haslum i Oslo, og vi veit at Haslum kan gje oss trøbbel. Det såg vi i Voldahallen i haust, seier Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson.