Sparebanken Møre-cup i Valldal

106 til start i langrenns-cross

Vergudane har ikkje vore på skifolket si side denne vinteren, men deltakinga under dei einskilde kretscupane i langrenn har knapt vore større enn no.

Eskild Linge Glomnes frå arrangørklubben Valldal IL i farta i langrennscross-løypa på Høghjellane i Valldal. Her fekk dei lokale løparane verkeleg utfordra seg sjølve og skiteknikken sin.   Foto: Privat

Lokal sport

– Det er særs positivt for idretten vår. I alle Spb Møre-cupane vi har avvikla har vi hatt gledeleg stor deltaking, og det same skjedde i Valldal sist helg, fortel kretslagstrenar Pål Bjørn Øvrebust.