Aldri før har Hødd Fotball hatt kvinneleg leiar

Kari Mette kan bli historisk

Aldri før har Hødd Fotball hatt ein kvinneleg leiar. Men det skjer truleg no, ettersom Kari Mette Sundgot er innstilt som ny fotball-leiar etter Ivar Morten Normark.

Kari Mette Sundgot er av valgkomiteen innstilt som den aller fyrste fotball-leiaren i Hødd.. Ho ser fram til jobben, om medlemane seier ja på årsmøtet.   Foto: Hødd Fotball

Lokal sport

– Eg har «berre» vore med i Hødd i 60 år, men eg kan ikkje hugse at vi har hatt ei kvinne som leiar i Hødd Fotball før, seier dagleg leiar Per Arve Moldskred.