Vann 26-20 på bortebane i handballens 1. divisjon

Volda med full kontroll mot Førde

Førde leia 2-0 før Volda vakna, men deretter var det aldri nokon tvil. Og Volda kunne «cruise» inn til ein trygg 26-20 siger i Førdehallen.

Strekspelar Lone Vik storspelte for Volda mot Førde, og scora åtte spelemål. Og bakover sto ho støtt i forsvar. Og Volda vann 26-20.  Foto: Jarle Mordal

Lokal sport

– I dag hadde vi verkeleg full kontroll. Vi fekk opp dampen rundt midtvegs i 1. omgang, og deretter var det aldri nokon tvil. Og gledeleg nok makta vi å halde konsentrasjonen oppe også i 2. omgang, seier ein nøgd Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson.