Ingen nordmenn har sprunge fleire maratonløp enn nordfjordingen Inge Asbjørn Haugen:

Maratonmannen runda 600 løp

Inge Asbjørn Haugen er nordfjording, 66 år, og ungkar. Og spring maraton nærast til «frukost».

I mål: Inge Asbjørn Haugen etter sitt maratonløp nr. 600, innandørs på Bislett Stadion. Sitt fyrste maratonløp sprang han i Drammen i 1984, og no har han altså fullført 599 løp til på 35 år. Det er i gjennomsnitt 17 maratonløp kvart einaste år, det. Slå den!  Foto: Privat

Lokal sport

I helga deltok han i det årvisse løpet «50 km» inne i tribunene i Bislett stadion i Oslo, og i det han hadde passert dei fyrste 42.195 metrane hadde han nådd målet sitt.