Volda tapte toppkamp etter ni fryktelege minutt: – Ikkje godt nok

Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson var ikkje fornøgd med det splearane leverte borte mot Bærum i 1. divisjon søndag.

Sara Hjaltadottir scora på fire av åtte forsøk mot Bærum og vart laget sin toppscorar.  Foto: Odd-Sølve I. Grannes

Lokal sport

Volda-jentene måtte sjå seg slått 17–24 av Bærum. Dei hang lenge med, og stillinga var 11–10 til Bærum etter første omgang, men dei første ni minuttane av den andre omgangen sa det fullstendig stopp. Då scora Bærum fem mål, mens Volda ikkje fekk ballen i nettet ein einaste gang.