Nære ved å miste sigeren: – For harde mot oss

Volda Handball hadde ei komfortabel leiing fram til dei siste minutta. Målvakt Hanna Edvardsson var avgjerande mot Nordstrand.

Hard kamp: Nordstrand spelte ein tøff kamp mot Volda. Her blir Volda-spelar Sara Dögg Hjaltadóttir felt.  Foto: Peder Skjelten

Lokal sport

Søndag 10. januar spelte Volda årets første kamp då dei møtte Nordstrand på heimebane i Volda Campus Arena. Oslo-laget låg på ein 10.-plass før kampen, medan Volda er kjempar i toppen av førstedivisjonen for kvinner, på ein fjerdeplass. Før kampen var Volda fire poeng bak serieleiar Bærum Topphåndball. Volda hadde også to færre spelte kampar enn Bærum.