Volda kasta vekk mogleg siger i toppkampen: – Svindyrt

Volda øydela litt for seg sjølv då dei tapte toppkampen heime mot Follo onsdag.

IKKJE DAGEN: Fride Stølen fekk ikkje så mange innspel på strek som ho nok hadde ynskja. Ho blei godt pakka inn.  Foto: Odd-Sølve I. Grannes

Lokal sport

Med siger ville Volda vere på andreplass etter 12 kampar, berre eitt poeng bak Follo. Det enda derimot med tap 22–27. Dermed er Volda på fjerdeplass fem poeng bak Follo, som stadfesta sin posisjon på topp i 1. divisjon. Fjerdeplassen gir likevel kvalifiseringsplass til eliteserien, og der har Volda no eit forsprang på tre poeng ned til neste lag. Samstundes er det no like langt ned til nedrykksplass som førsteplass.