Ålesund, Sula og GIske:

Opnar for idrett på tvers av kommunegrensene

Ålesund, Sula og Giske kommune går saman om å opne kampar utandørs, for barn og unge under 20 år, på tvers av kommunegrensene. Kommunane på Søre-Sunnmøre meiner smittefaren er for stor.

Opnar: Det blir opna for utandørs idrett for barn og unge under 20 år på tvers av kommunegrense, seier Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune.  Foto: Staale Wattø (arkiv)

Lokal sport

Måndag gav Ålesund kommune beskjed til Sunnmøre Fotballkrets at dersom det ikkje blei innført nye nasjonale tiltak tysdag, kunne det opnast for kampar utandørs for barn og unge under 20 år mellom Ålesund, Sula og Giske kommune.