Olav Lundanes om konsekvensar ved å rapportere juks:

– Eg får truslar på kinesisk

I ein podkast frå Antidoping Norge, fortel Olav Lundanes om konsekvensar av å rapportere juks i idretten, og om kva han meiner skal til for å gjere idrett meir rettferdig.

Trussel Orienteringsløpar Olav Lundanes seier han har fått truslar på kinesisk for å ha meldt frå om juks.  Foto: Geir Olsen / NTB

Lokal sport

– Det blir jo mykje drit ein får tilbake, det er det jo ingen tvil om. Når du får mange meldingar på kinesisk og folk truar deg med forskjellige ting, det er jo ikkje noko gøy. Men eg seier jo ifrå fordi eg er glad i orientering og i alle idrettar eigentleg, seier Olav Lundanes i podkasten med Antidoping Norge.