Hege (27) frå Stranda ferdig i eliteserieklubb - usikker på framtida

Hege Løken blir ikkje med eliteserieklubben Molde vidare, men skal halde fram med handballen. Førebels er ho usikker på kva den neste klubb blir.

NY KLUBB: Hege Løken (t.v.) skal ikkje spele for Molde kommande sesong.  Foto: Jarle Mordal

Lokal sport

Høgrekanten frå Stranda har spelt to sesongar for Molde etter at ho melde overgang frå Larvik før 2019/20-sesongen. No er ho ferdig hos romsdalingane og har flytta til Larvik, der kjærasten Henrik bur.