Gummigranulat er plastversting, men blir framleis valt til baner på Sunnmøre: – Der er ikkje gode nok alternativ

Kunstgrasgranulat av bildekkgummi er blant dei største kjeldene til spreiing av mikroplast i Norge. Likevel blir det brukt i nye baner fleire stadar på Sunnmøre, då det framleis er det beste alternativet.

Nytt kunstgras: Det blir lagt nytt kunstgras på fotballbana i Langevåg, men i mangel på betre alternativ blir det framleis brukt bildekkgummi som granulat.  Foto: Marius Simensen

Lokal sport

Kunstgraset på Langevåg Stadion blir byta ut etter 14 år i bruk. På den tid har det kome fleire tiltak for å hindre forureining frå gummien av kunstgrasgranulatet (dei små, svarte plasthaldige kulene som nyttast som fyllmasse for plastgraset), men når ny granulat kjem til Langevåg er det framleis laga av bildekkgummi, fortel Vegard Eikrem, dagleg leiar i Langevåg IL.