Hødd var skuffa etter poengdeling mot serieleiaren: – Dei hadde griseflaks

Hødd og Kongsvinger måtte ta til takke med eitt poeng kvar i den særs viktige toppkampen.

NÆRE: Eirik Saunes og Hødd var nære fleire gongar mot Kongsvinger, men det heile enda mållaust.   Foto: Aleksander Svendsen

Lokal sport

Det var fartsfylt og dramatisk då Hødd og Kongsvinger møttest til ein real toppkamp. Før kvilen hadde begge laga skapt fleire gode sjansar, og fått ei utvising kvar.