Eliteturneringa større enn nokon gong

Ny hall har gjort eliteturneringa i volleyball i Volda til den største i den fem år lange historia.

Jubel: TURNERING: KFUM Volda arrangerer eliteturnering i helga. Det ser Ralitsa Emilova Georgieva og damelaget til KFUM Volda fram til.   Foto: Aleksander Svendsen

Lokal sport

I helga arrangerast turneringa for femte gong. Det begynte i det små med nokre få lag, men den har vakse til å innehalde både herre- og damelag etter kvart. I år er den rekordstor med seks damelag og fem herrelag, blant anna Sunnmøre sitt flaggskip i idretten, eliteserielaget KFUM Volda. Dette kan dei gjere, mykje takka vere nye Volda Campus Arena.