Sjå Volda - Grane Arendal frå klokka 16.00 søndag;

Tobarnsmora har gjort comeback for Volda: – Ho set standarden

Maria Ulla (30) gjør denne sesongen comeback for Volda for andre gong og blir ei viktig brikke for Halldor Stefan Haraldsson.
Lokal sport

30-åringen har tatt pause frå handballen to gonger, begge gongene har ho blitt mor. Etter sitt andre barn, som ho fekk i juli 2020, var Ulla usikker på om ho skulle kome tilbake. Til slutt greidde ho ikkje å halde seg unna.