Laurdag 5. mars vert Brænne Leskedrikk Type Gul relansert i eit avgrensa parti.

Sidan relanseringa av Type Rød i fjor haust har det vorte selt om lag 120.000 liter raud saft. Initiativtakarane til relanseringa, Thomas Busker Larsen frå Volda og Lars Erling Bjåstad Hovlid frå Hareid, fekk med seg Martin Brænne på saftsatsinga.

Brænne var sjef for Brænne Mineralvatn AS i nesten 50 år. Brænne Mineralvatn i Volda hadde ei rekke kjende og særmerkte produkt som Type Rød og Type Gul, Eplerose, Luks, Pærebrus og Bestemorsaft. Tidleg på 2000-talet selde familien Brænne fabrikken til nye eigarar. Drifta vart lagd ned i 2010.