Harald Tom Nesvik (FrP) fryktar nedbygging av Ålesund sjukehus og at spesialistfunksjonar etter kvart vert flytta frå sjukehusa i Møre og Romsdal til St. Olavs Hospital. Stortingsrepresentanten frå Ålesund reagerer med vantru på at sjukehusa i Møre og Romsdal må spare 100 millionar kroner i samband med ny oppgåvefordeling mellom sjukehusa.

– Dette er berre starten. No tek vi til å sjå konsekvensane av at dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal frå 1. juli vart samla i Helse Møre og Romsdal og dårleg leiing i Helse Midt-Norge, seier han og legg til:

– Dette fører til at større og større ansvar vert lagt til Helse Møre og Romsdal.

Full fyr i heile fylket

Også Torgeir Dahl (H) er uroleg. Han fryktar krigsliknande tilstandar i heile fylket.

– Før ein har fått tid til å bygge saman ein skikkeleg bedriftskultur i Helse Møre og Romsdal må dei altså kutte 100 millionar kroner. Dette vil setje full fyr i heile fylket, spår Torgeir Dahl.

Partikollega Elisabeth Røbekk Nørve meiner det er uforsvarleg å kutte så mykje innan 1. november.

– Det høyrest ut som det blir hastverksarbeid, meiner ho. Samtidig ber ho regjeringa legge på bordet omstillingsmidlar til det nye helseføretaket i Møre og Romsdal.

– Omstilling kostar pengar. Våre sjukehus har bidrege mykje til omstillingar på St. Olavs i Trondheim, derfor er det ikkje unaturleg at Helse Møre og Romsdal får pengar når dei no skal gjennomføre sin omstillingsprosess, seier Røbekk Nørve.

Skeptisk

Regjeringspartiet Ap sin fylkesordførarkandidat i Møre og Romsdal, Jon Aasen, er ikkje einig.

– Eg er skeptisk til ei slik særordning. Høgre bør heller svare for kva for eitt av dei mindre sjukehusa dei vil legge ned i Møre og Romsdal. For partiet sin helsepolitiske talsmann Bent Høie har nemleg opna for nedlegging av små sjukehus her i landet, ifølgje Aasen.

Når det er sagt trur ikkje Ap sin kandidat at kutta i helseføretaket vil få store konsekvensar for mindre sjukehus, som for eksempel sjukehuset i Volda.

– Eg reknar det som sjølvsagt at føden på Volda sjukehus blir skjerma, og då også medrekna akuttfunksjonar. Helseføretaket får vurdere alle tiltak, og gjere opp status. Manglar dei pengar må dei synleggjere at løyvingane for små overfor departementet, seier Jon Aasen.