Det seier administrerande direktør Fredrik Møller-Christensen i den private klinikken Medi 3.

Tysdag vart det kjent at Helse Midt ikkje lenger vil bruke Medi 3 og Sunnmøre MR-klinikk til MR-undersøkingar. I staden satsar helseforetaket på det enno ikkje oppstarta Curato i Molde.

Helse Midt vil også redusere talet på MR-undersøkingar dei kjøper hos private.

Molbo-politikk.

Kjell Inge Gjesdal i Sunnmøre MR-klinikk meinte Helse Midt dreiv molbo-politikk som vil føre til at færre sjukdomstilfelle vert oppdaga, at dei sosiale skilnadane aukar, og at tilsette i dei eksisterande private klinikkane misser arbeidet.

Dagsreise.

Møller-Christensen avviser at dette vil skje i Medi 3.

– Trass i at tre fjerdedelar av vår aktivitet på bildediagnostikk-avdelinga var knytt til avtalen med Helse Midt, vil vi prøve så langt som muleg utan permitteringar, og eg trur vi skal lukkast med det, seier Møller-Christensen.

– Korleis?

– Ved å satse hundre prosent privat. Eg trur ikkje sunnmøringane vil reise heilt til Molde for å ta MR. Frå sørlegaste delen av Sunnmøre er jo det ei dagsreise, påpeikar Møller-Christensen.

Han fortel at ei privat MR-gransking kostar mellom 1500 og 2000 kroner. Eigendelen i det offentlege er 218 kroner. I tillegg kjem auka reisetid og –kostnad 130 kroner kvar veg til Molde.

Stikk i strid.

Møller-Christensen er skuffa over Helse Midt si avgjerd.

– Dei handlar stikk i strid med statsråden si befaling om betre kapasitet på MR, særleg med tanke på tretti dagars garanti for kreftpasient-utgreiing, seier Medi 3-direktøren.

Avtalen med Helse Midt opphøyrer 11. oktober. Medi 3 tel på knappane om dei vil seie nei til å foreta rontgen, CT og ultralyd for Helse Midt. Dette utgjer eit langt mindre volum.

Lite gjennomtenkt.

– Vi har også ein kirurgi-avtale med Helse Midt. Pasienten vil kunne ta røntgen hos oss, men må reise til Molde for MR, for så å kome tilbake til oss for operasjon. Tre eigendelar vert det då. Dette er ikkje gjennomtenkt, seier Møller-Christensen.

– Med bakgrunn i erfaringane de no har, fryktar de også for kirurgi-avtalen med Helse Midt?

– Ja, det gjer vi. Men vi har gjort oss mindre avhengige av avtalar med det offentlege. For fire år sidan var åtti prosent av vår aktivitet knytt til Helse Midt, i dag er talet redusert til 25 prosent.

Fredrik Møller-Christensen, daglig leder Medi3 Medi 3 Foto: Staale Wattø