- Igjen ser eg at det er utrulig viktig å ha hjelperyttarar under vegs. Det fører til at vi kan holde ei høgare snittfart samtidig som at eg brukar mindre energi. Håpar at fleire hiv seg på undervegs, skriv Endresen på bloggen sin.

Hjelperyttar

Ulstein-syklisten Martin Notøy Nevstad hang seg på over Dovrefjellet mot Oppdal. Han hadde tatt turen frå Ulsteinvik for å vere med å sykle "Norge Rundt for Kreftsaka".

- Bedre hjelperyttar skal ein leite lenge etter! Berre at han stilte opp betydde svært mykje for meg, seier Endresen.

Hard etappe

Gårsdagens etappe var hard. Det var mykje klatring over Dovrefjellet.

- Vi sykla fort, men vi skrøna og fortalte vitsa og vinka til gamle tyskerar som var på bussferie, seier Endresen.

Heldigvis fekk dei hjelp frå ein syklist frå Oppdal Sykkelklubb. Han drog Endresen og hjelperyttaren eit godt stykke der han auka snittfarta deira, og lot dei sleppe luftmotstanden.

Arbeider for kreftsaka

Christoffer Remøy Andresen mista bestefaren og ein god onkel på grunn av kreft. Han syklar Norge rundt for å samle inn pengar til kreftsaka.

- Du kan godt kalle dette ein landsdekkande dugnad

Les oppdateringar frå turen her.