Bakgrunnen er at fylkesordførarkandidat Jon Aasen skylda helsepolitikar Bent Høie og Høgre for å opne for nedlegging av mindre sjukehus, i torsdagens utgåve av Sunnmørsposten.

Slår tilbake

Høie meiner det Høgre har opna for er ein politisk gjennomgang av sjukehusstrukturen som fører fram til eit endeleg vedtak i Stortinget.

– Og vi kan ikkje sjå vekk ifrå at resultatet av denne prosessen blir endringar i sjukehusstrukturen. Men i motsetning til Ap legg vi opp til ein open, demokratisk prosess. Det er noko anna enn det Helse Midt-Norge sine styremedlemmer frå dei raudgrøne partia driv med, seier Høie.

Sniknedlegging

Høie viser til at fleirtalet i Helse Midt-styret har bestemt seg for å gå frå privat til offentleg ambulansetilbod - noko som har kosta helseføretaka store summar.

– Og resultatet av dårleg økonomi i helseføretaka kan bli nedlegging av små sjukehus. I realiteten er dette sniknedlegging av sjukehusa frå dei raudgrøne partia si side, hevdar Bent Høie.