– Eg har jo alltid vore ein fan av bilane i desse filmane, så når sjansen baud seg, slo eg til, seier Arild Hoddevik.

Det var Fjordabladet som skreiv om den unike bilen hans først.

Her er bilen til Arild i filmen «The Fast and the Furious: Tokyo Drift». Foto: Klipp frå filmen

– Bilen var med i filmen Her er bilen til Arild i filmen «The Fast and the Furious: Tokyo Drift».. Eg har bil som hobby, og som dei fleste gutar som er litt interessert i bil, synest eg desse bilane er rå, seier Arild til smp.no.

Bilen, ein ombygd Nissan 350Z, spelte ei av hovudrollene i bilfilmen, som vart spelt inn i Tokyo.

– Det har nok laga mellom tre og fem utgåver av denne bilen, sidan den blir krasja fleire gongar i filmen, seier Arild til Fjordabladet.

Drifting

– Filmen handlar om drifting, ein bilsport som der ein skal køyre rundt ei bane og spinne mest mogleg.

Ifølge Arild er dette ein framvaksande bilsport i Norge, og det blir arrangert løp på fleire baner. Han seier til Fjordabladet at det er eit lite miljø for sporten også i Sogn og Fjordane.

– Driv du med drifting?

– Nei, ikkje førebels. Og eg vil nok ikkje gjere det med denne bilen. Den er litt for spesiell til det.

– Så den blir berre brukt til å vise seg fram med?

– Hehe, ja, eigentleg.

Beslaglagt

Arild kjøpte bilen frå ein tollauksjon i Drammen.

– Har den vore med på noko ulovleg, altså?

– Eg veit eigentleg berre at han vart beslaglagt då han kom til kaia i Drammen. Det har sikkert skjedd noko, men eg veit ikkje kva.

– Er det lov å spørre kva du betalte for vidunderet?

– Eg betalte jo litt for den, men det var ikkje så voldsomt dyrt, seier Arild.

Her er bilen til Arild i filmen «The Fast and the Furious: Tokyo Drift». Foto: Klipp frå filmen