Den amerikanske Elbil-produsenten Tesla planlegg ei stor utbygging av elbil-ladestasjonar i Europa, USA og Asia i år og neste år, melder den amerikanske nettstaden Engadget.

Klikk deg gjennom karusellen over for å sjå planane til Tesla

Nordfjord

For Sunnmøre sin del, er den næraste superladaren på Sandane i Gloppen. Ein finn også ladarar mellom anna på Dombås, i Aurland i Sogn, på Gol og på Lillehammer.

I løpet av vinteren skal 11 nye superladarar vere på plass.

Tesla Model S. Foto: Aleksander Andersen / NTB scanpix

Det kjem også fleire ladarar i nærleiken av Sunnmøre, men truleg ingen innanfor fogderigrensa.

Ikkje i Ålesund

Ifølge eit kart som er publisert på nettsidene til Tesla, vil det kome superladarar i Molde, Kristiansund, Bergen og Trondheim i løpet av kort tid.

270 km

Det har ikkje lykkast smp.no å kome i kontakt med Tesla for å få stadfesta dette laurdag føremiddag. Men verken Ålesund eller andre stader på Sunnmøre er merka av på kartet.