«Kva meir kan vi vente av politikarane i Ålesund? Dei har gjort sitt: Stua oss vekk på Nørve»

Illustrasjonsfoto 

Meninger

Å bli gammal er eit herk. Vi blir surrete, somlete og plagene hopar seg opp. Vi lagar køar i butikkane og snik oss sakte fram med bilen i frykt for å kome bort i noko. Gjer vi det, kan vi bli fotgjengarar på flekken. Då kjem vi ikkje langt så dårleg som vi er til beins. Det er ikkje enkelt med buss, heller. Dei skal halde tidsskjema og har ikkje tid til å venta på oss. Ikkje heng vi med i den digitale utviklinga. Vi vil gjerne ut og snakke med folk, ta del i det som skjer. Etter kvart blir det lite av dette. Vi blir sitjande inne med fjernsynet som vår beste ven. Omgangskretsen smuldrar bort og vi blir isolerte, deprimerte og senile.

«Berekraftige»

Treffe vener og gamle kjente er høgdepunkta for oss gamle. Utveksle synspunkt og kome med løysingar på problem. Ifølgje politikarane er vi sjølve eitt av dei. Vi er ikkje «berekraftige». Vi truar velferdsstaten og med å øydeleggje alt som vi har streva med å byggje opp, og som dei yngre no kanskje ikkje får nyte godt av. Klart dei er engstelege. Så engstelege at regjeringa har utstyrt seg med ein eigen eldreminister. Derifrå er meldinga klar. Det må byggast fleire sjukeheimar. Gi oss hus, mat og pleie. Takk og pris for det, men vi skulle gjerne leve litt også.

Stua oss vekk

I Ålesund har ein planane klare. I planen for «Levedyktige omsorgstenester» har dei tenkt på oss. Bukollektiv er løysinga. Dei har den gamle sjukeheimen på Borgundvegen 199. Langt unna det meste som vi kan ha glede av. Den ligg såpass uhøveleg til at vi får leve i fred utan å bli forstyrra av folk som ubedde måtte finne på å stikke innom. Vi kjem heller ikkje ut der folk ferdast og lagar problem med vårt surr. Her kan vi få hus, mat og pleie, utsikt og kabel TV. Kva meir kan vi vente av politikarane i Ålesund? Dei har gjort sitt: Stua oss vekk på Nørve.