Fyrst vil vi understreke at hovudmålsettinga til Høgre er å bidra til å sikre fleirtal på borgarlig side i valet til neste år i lag med samarbeidspartia våre.  Dette står vi ved og det vil vi strekke oss langt for å oppnå.

Så til innlegget frå fylkesleiar og gruppeleiar på fylkestinget for Frp: Her er mange ulike saker blanda i hop og spedd opp med spekulasjonar.  Vi ser likevel at samarbeidstilhøva mellom Høgre og Frp er hovudtemaet og vil kommentere dette.

I eit kvart samarbeid må det være dialog. Kuvendinga i saka om Møreaksen er berre eitt av mange utspel som vart gjort utan dialog med samarbeidspartnarane.

Når Sve går ut mot regjeringa sin politikk, bryt budsjettavtalen på fylkestinget og vekselvis skyt mot høgre og venstre, så er naturlig å ta kontakt for å høyre kva han tenker om samarbeidet. Dette er ikkje truslar, det er forsøk på dialog. Når utdrag frå fortrulige samtaler vert tatt ut av samanhengen og tatt til inntekt for spekulasjonar og konspirasjonsteoriar, vert grunnlaget for dialog og samarbeid ikkje akkurat styrka. I tillegg er det er eit ganske grovt brudd på vanlig folkeskikk.

Her prøver også Sve å fyre opp under fogderi-striden og egge til kamp mellom byane. Kanskje er ikkje det den beste strategien for eit fylke som så sårt treng eit betre samarbeidsklima for å greie å realisere dei store prosjekta innan samferdsel.  Så kjære Frank, om du ønsker eit betre samarbeid er det ein underlig måte du vel å be om det.

Les ein Frank Sve sine uttaler, så trur vi mange vil forstå at samarbeidet på fylkestinget til tider kan være utfordrande.