Måndag 2. juli hadde vi to barnebarn som skulle tilbake til Trondheim med fly frå Vigra. Vi studerte grundig rutetabellar på nettet og fann ein grei korrespondanse med buss frå Stranda kl. 07.40, og vidare flybussen frå Moa. Flyavgang var 11.15.

Mykje styr

Gutane kom til Moa rutebussterminal ca. 15 min før bussavgang til flyplassen kl. 09.35 (iflg. ruteopplysninga på nettet). Likevel kom der ingen buss som skulle til flyplassen. Dei fekk råd av informasjonen på bussterminalen om å ta lokalbuss til Ålesund sentrum og finne ein buss der vidare til Vigra. Då dei kom til sentrum, fann dei ein buss som skulle til flyplassen, men denne bussen hadde eit ruteopplegg på Valderøya som tok så lang tid at dei ikkje ville rekke flyet.

Sjåføren sa dei måtte gå av på flyplasskrysset og skunde se g til fots med kvar sin store koffert bort til flyplassen. Heldigvis ombestemte sjåføren seg og viste omsyn og svippa dei heilt fram til flyterminalen tidsnok til å rekke flyet sitt.

Pinleg

Eg synest det må vere pinleg for busselskapet å ha eit så dårleg busstilbod til flyplassen. For å vere sikker, dobbeltsjekka eg ruteopplysninga på Fram si nettside. Bussen som skulle gå, gjekk ikkje.

Ruteoperatørar legg meir og meir opp til at vi skal finne informasjonen vi treng sjølve på internett. Då er det skummelt å oppleve at ruteinformasjonen ikkje stemmer. Og eg lurer på om trafikkavdelinga i fylkeskommunen er klar over det.

Eg fann også på nettet fleire døme på ruteopplysningar som er gått ut på dato for fleire år sidan. Verste døme gjekk heilt tilbake til 2004! Slikt er då berre tull, og skaper forvirring for trafikantane. Kva skal vi med ein rutetabell som galdt for tolv år sidan?

I ei tid då «alle» ropar på at vi må bli flinkare til å nytte kollektivtrafikken burde vi sleppe slike opplevinga. Neste gong blir det nok til at vi køyrer barnebarna med eigen bil heilt til flyplassen.