Jørgen Amdam om Nordøyvegen:

«Meir enn fylkeskommunen kan tole»

For å presisere: Eg er ikkje mot Nordøyvegen, men har konkludert med at fylkeskommunen ikkje har ryggrad til å bere ei så stor investering i dagens situasjon.

Skeivt Volda-ordfører Jørgen Amdam meiner det blir ei skeivfordeling i fylket dersom Nordøyvegen blir gjennomført.  Foto: Staale Wattø

Medan det meste av nytta er lokal og knytt til nye Ålesund kommune, vil det meste av kostnadene blir fordelt på alle innbyggarane i fylket

Jørgen Amdam
Meninger

La meg peike på nokre forhold:

Den samla gjelda til fylkeskommunen vil etter gjennomføring av denne investeringa bli over 7000 million kroner. Samla rente og avdrag blir truleg over 300 million kroner kvart år. Det kan bli litt mindre eller litt meir, men uansett blir lånekostnadene svært høge.

Dette må finansierast over drifta eller ved å låne for å finansiere rente og avdrag. Inntektene vil i stor grad kome i framtida og med ein stor kostnadsmessig pukkeleffekt – større enn fylkeskommunen truleg kan tole. Det er usemje om storleik på notidsverdi, men er uansett større enn fylkeskommunen kan tole.

Uansett strategi for finansiering vil tiltaket føre til konsekvensar knytt til anna fylkeskommunal verksemd som ikkje er akseptable i form av nedskjering av drift knytt til vidaregåande skule og samferdsel – og investeringsstopp.

Medan staten kan bruke oljefond og kommunane kan skrive ut eigedomsskatt, har fylkeskommunen ikkje tilsvarande fleksibilitet.

Auka kostnad innan eit felt vil krevje nedskjering innan andre felt.

Konsekvensane er eit svært skeivfordelt forhold med omsyn til nytte og kostnad. Medan det meste av nytta er lokal og knytt til nye Ålesund kommune, vil det meste av kostnadene blir fordelt på alle innbyggarane i fylket, spesielt ungdom i vidaregåande skule.

Dette er ikkje akseptabelt etter mi meining, og derfor er eg mot at fylkeskommunen skal gjennomføre dette prosjektet.

I verste fall vil prosjektet medføre at Møre og Romsdal fylkeskommune vil opphøyre som sjølvstendig eining, og truleg deling mot sør og nord.