Den siste tida har det gått ei kule varm omkring Nordøyvegen. Det har sin grunn. Gjennom fleire tiår har Nordøyvegen hatt førsteprioritet på fylket si liste over «andre riksvegar».

Det har i administrasjonen ikkje vorte særleg påakta, og prosjekt som har vore prioriterte bak Nordøyvegen har vorte fullførte. Rundt 1987 var sambandet Nordøyvegen prisa til rundt 500 millionar.

Grunna uthaling og trenering har prisen auka, men fortvil ikkje. I alle fall har ikkje vi nordøyingane det for vane. No er vi så sikre på at prisen for Nordøyvegen, med den sinnrike finansieringa som mange eldsjeler har meistra å få i stand, ikkje er så urimeleg. Fordi Nordøyvegen vil bli eit gode for heile fylket, vil dette bli ein suksess.

Ei gullgruve

Det som har skapt bølgjer er at det har blitt gitt inntrykk av at Møre og Romsdal så å seie står på konkursens rand, og at det på grunn av Nordøyvegen ikkje blir rom for nyinvesteringar på 10–15 år. Mange, både i skulesektoren og i samferdselssektoren, har dermed vorte urolege over Nordøyvegen og kravd at den skulle stoppast.

Dette er det sjølvsagt ingen grunn til, for i realiteten er Nordøyvegen ei gullgruve. Ein kan dermed forvisse både tvilande fylkestingsmedlemmar, skulestellet og samferdselsvesenet om at Nordøyvegen ikkje vil hemme annan aktivitet i fylket. Sjå berre på denne finansieringa (i flg. offisielle kjelder):

Berre til Nordøyvegen

Ingen av desse postane kan nyttast til anna enn Nordøyvegen:

Mva-refusjon: 945 millionar kr

Bompengar i 20 år: vanskeleg å talfeste no

Tilskot I.P. Huse: 15 millionar kr

Kommunetilskot: 360 millionar kr

RDA-midlar (regional differensiert arbeidsgjevaravgift): 312 millionar kr

Rentekompensasjon: 158 millionar kr.

Ferjeavløysingsmidlar: 2.865 milliardar kr

For å vere tydeleg: Dette er midlar som ikkje kan nyttast til andre formål enn Nordøyvegen. Ein skal leite lenge etter prosjekt som har ei så god finansiering. Det er derfor merkeleg at det er så mange som går på limpinnen og trur på myten om at Nordøyvegen skal øydelegge for vidaregåande skular eller andre prosjekt. Skal vi kalle det «fake news»? Med denne informasjonen burde all tvil vere borte.

Så litt historie:

Historia vil vise at mange har stått på for saka. Jørgen Kjærstad har gjeve ei god orientering tidlegare, men ei lita oppsummering skadar ikkje. Opptakta var det eigentleg Trygve Rønstad som stod for, med tanke om bru mellom Løvsøy og Skjeltene.

Så kom det idear om at ein burde gå for å forlenge sambandet til Haramsøy, og vidare bru frå Haramsøy til Flemsøy/Skuløy. Dette vart det jobba med ei tid. Så dukka ideen om å strekke sambandet heilt til Fjørtoft og Harøy. Trygve Rønstad døydde og nye krefter måtte inn. Peter Borgen hadde hand om prosjektet lenge. Han fekk ideen om at det måtte gå fint å bruke ferjesubsidiane som delfinansiering av eit slik prosjekt. Så døydde Peter Borgen også. No var prosjektet blitt kommunalt.

I 1987 vart Nordøyvegen AS skipa. Eg var med på skipingsmøtet på Løvsøya, og tenkte at, jau, no blir det fortgang. Den gang ei. Ein måtte stå på vidare, og i den samanheng nemner eg ordførarar og styreformenn Robert Hurlen, Svein Ottar Sandal, Oddbjørn Vatne og Bjørn Sandnes. På fylkesplan må nemnast Jørgen Kjærstad, Oddbjørn Vatne og Bjørn Sandnes. I den seinare tid har det vore nokre eldsjeler som i lys av all motstand som har vore, skulle hatt medaljar. Då siktar eg til Frank Sve og Kristin Marie Sørheim. Iver Nordseth må også nemnast. Fleire andre har synt stort engasjement. Takk til alle som har stått på og står på for saka!

Samfunn og næringsliv:

Næringslivet på Nordøyane er berebjelken i dette samfunnet. Her er betydeleg industri, både større og mindre, frå høgteknologi til fiskeforedling. Dette har stor betyding for folket som lever og arbeider her. Det har vore gjort utrekningar som syner at prosjektet er samfunnsøkonomisk lønsamt.

Nordøyvegen vil vere eit viktig element for vidare utvikling av industri og samfunn. Mange som jobbar i industrien på øyane kjem frå fastlandet, så behovet går begge vegar. Det store arbeidet som alt er gjort er ein del av Nordøyvegen. Det er innlysande at å stoppe arbeidet med prosjektet no, er sløseri med midlar.

På øyane er det triveleg å bu. Vi har vakker natur rundt oss, fjøre og fjell, fine turområde som vi gjerne deler med andre! Her er ei god dugnadsånd, og ein har høve til å utfalde seg der ein måtte ønskje gjennom ulike organisasjonar. Her kan eg m.a. nemne idrettslag, fotballag, korps, kor, storband og teater. Her er fleire tilbod for unge og eldre. Vi har skular, frisørar, barnehagar, butikkar og gode helsetenester. Nordøyvegen vil føre til at fleire framleis kan bygge, bu og trivast.

Nødvendig reiskap

Mange unge ønskjer å etablere seg her, men ser det som svært viktig å få kommunikasjonen på plass. I tillegg er kommunikasjonen spesielt viktig for næringslivet. Med Nordøyvegen opnar vi for at det blir attraktivt å bu her, både for dei med røter herifrå og andre.

Så vil eg tilbake til fylkestinget. Det er slik at fjerde kvart år er det stortingsval. Mellom stortingsvala er det kommune- og fylkeskommuneval. Framfor alle val har politikarane vore glødande interesserte i Nordøyvegen. Dei har lova veg mange gongar. No er det dei fylkeskommunale medlemmane som skal innfri sine løfte. Eg har merka meg at nokre har vegra seg for å innfri løfta sine, og halla seg meir til byråkratar, som dei er sette til å passe på. Eg har i denne artikkelen gjort greie for finansieringa. Ingen skal kome å fortelje meg at Nordøyvegen vil forpurre verken skular eller vegar, slik den er finansiert. På vegner av heile samfunnet ber eg derfor fylkestinget innstendig om å la oss få den julegåva som vi så retteleg fortener! Det vil kome heile fylket til gode. Nordøyvegen eit nødvendig reiskap i høve til logistikk, utvikling og samordning av nye Ålesund kommune. Tenk på gevinsten storsamfunnet får på sikt! Ein må våge å satse for å vinne! Det hadde vore ekstra kjekt om det vart eit SAMRØYSTES JA TIL NORDØYVEGEN!