«Om stenging av Gamle strynefjellsveg»

Eg les i Sunnmørsposten at der frå våren 2019 ikkje får fare køyretøy som er over åtte meter og har meir enn åtte tonn akseltrykk på fylkesveg 258, mellom Grotli og Stryn, og at det er fylkestinget i Oppland som har vedteke dette.

Historisk: Gamle strynefjellsveg bør få vere slik den er, som ein del av histora, meiner Sissel Anita Øyen Hareide. 

Meninger

Eg les òg at stryneordføraren er kritisk til at korkje Stryn, Stranda eller Skjåk har vore teke med på råd. Nemnde ordførar er redd at reiselivet vert skadelidande.

Etter mi meining har fylkestinget i Oppland teke ei særs fornuftig avgjerd. Dei store turistbussane som fraktar hordar med turistar mellom cruiseskipa i Loen, Geiranger og Stranda har ingenting på den freda Strynefjellsvegen å gjera. Minibussar kan heller nyttast om ein er redd turistane går glipp av noko.

Ålesunder laget dronevideo som blir med i Hollywood-film

Ålesunder laget dronevideo som blir med i actionthriller fra Hollywood.


Eg trur dei aktuelle turistane har meir enn nok med til dømes Ørnefjellsvegen, vegen mellom Geiranger og Grotli samt riksvegen vidare til Stryn. Med så mykje fin natur som dei der får oppleva trur eg dei får metta si.

Eg er glad for at den freda gamle Strynefjellsvegen får vera slik den er, litt urøyvd og ein del av historia. Vonaleg vert der òg mindre av den uvettige vardebygginga av freda mosestein langsmed vegen.

Sissel Anita Øyen Hareide
Eks Nord-Gudbrandsdøl busett i Volda

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.