Utvikling av Ålesund-regionen

Kronikk: «Sterkare saman»

Under overskrifta «Full fart framover – sammen» i sin kronikk frå 31. desember, understrekar administrerande direktør i Næringsforeningen Ålesundregionen, Bente Lund Jacobsen, at nye Ålesund må samarbeide med næringsforeiningane om å skape ein attraktiv bu- og arbeidsregion.

Møteplassar: Kommunen både deltar og er tilretteleggar for møteplassar og forum der næringsliv og det offentlege saman kan vere med på å utvikle Ålesund-regionen. Eitt døme er «Sjekk Inn», ein møteplass der bedrifter, organisasjonar får vist fram mangfaldet og moglegheitene i regionen for potensielle arbeidstakarar. Dette biletet er frå romjula 2017 då «Sjekk Inn» vart arrangert for andre gong.   Foto: Marius Simensen

Dialogen mellom politikarar, kommuneadministrasjon og næringsliv må bli enda betre slik at vi kan spele på det same laget til beste for regionen

Eva Vinje Aurdal
Meninger

Bente Lund Jacobsen har fullstendig rett. Det er i fellesskap vi vil lukkast med å utvikle regionen vår. Det er slik vi saman kan bli sterkare.

I arbeidet med Region Ålesund (nye Ålesund + Giske og Sula) har vi dei siste åra hatt fokus på nettopp dette. Nyleg er byregionprogrammet formelt avslutta med erkjenninga av at det er samhald og samhandling i regionen som kan skape styrke og vekstkraft.

Eva Vinje Aurdal  Foto: Arkiv

 

Attraktiv byregion

Hovudmålet med Region Ålesund har vore å legge til rette for ein framtidsretta og attraktiv byregion for nærings- og samfunnsliv gjennom blant anna nettverk og møteplassar, bedriftsbesøk og samarbeid med næringsforeiningane.

Aktivitetane har bidratt til betre kjennskap og tillit mellom aktørane i det regionale utviklingsarbeidet, det har auka kunnskapen i kommunane om regional utvikling og vore ei bevisstgjering om at kommunane må ta ei offensiv rolle i dette arbeidet. Skal vi nå målet, er vi heilt avhengige av at næringsliv og kommune kjenner kvarandre, har tillit til kvarandre – og drar i same retning.

Dei strategiske områda Region Ålesund har valt å arbeide med, er forankra politisk i kommunestyra, hos andre offentlege instansar, næringsforeiningar og klyngeorganisasjonar.

Evalueringa viser at arbeidet har utvikla ei større forståing og eit tettare samarbeid mellom dei sju kommunane og næringslivet i regionen.

Dette arbeidet vil vi halde fram med.

Sjekk inn

Sjekk inn er møteplassen der bedrifter og organisasjonar møter potensielle arbeidstakarar og viser fram mangfaldet og moglegheitene i regionen.

Sjekk inn blei arrangert første gang i romjula 2016, og det er ønske om at Sjekk inn blir ein fast romjulsaktivitet. Tilbakemeldingane så langt er svært positive.

Nor-Fishing

Region Ålesund har deltatt med eigen stand på Møre og Romsdal fylkeskommune sin stand i 2016 og 2018. Det er arrangert nettverkstreff med servering, underhaldning og sosialt samvær. Ordførarane og rådmennene si deltaking har blitt tatt svært godt imot frå dei lokale næringsaktørane.

For politisk og administrativ leiing i kommunane har deltakinga vore nyttig både for auka kunnskap om næringa og for nettverksbygging med lokalt næringsliv.

Regionalt næringssamarbeid

Ein ambisjon for prosjektet Region Ålesund har vore å samle næringslivet i Ålesundregionen i ei foreining. I dag har kvar kommune si næringsforeining som er svært ulike både i storleik og arbeidsform.

Fleire møter er blitt fasilitert der etablering/samanslåing til ei felles næringsforeining har vore tema. Dei lokale foreiningane har no «ballen» for arbeide vidare med dette.

Rådet for Region Ålesund

Vi skal «bygge eit regionalt partnarskap som skal legge til rette for ein framtidsretta og attraktiv byregion for både nærings- og samfunnsliv».

Rådet for Region Ålesund er etablert for å nå målet ved at næringsliv, FoU-organisasjonar og andre sentrale aktørar kjem med innspel til prioriteringar og konkrete aktivitetar. Rådet er referansegruppe for styringsgruppa til prosjektet som består av ordførar og rådmann i dei sju kommunane.

Tilbakemeldingane og evalueringane viser at dette er ein viktig møteplass for diskusjon, erfaringsdeling, gjensidig forventningsavklaring og tillitsbygging.

Bedriftsbesøk

Det er gjennomført mange bedriftsbesøk der politisk og administrativ leiing har deltatt. Denne aktiviteten viser seg å ha fleire nyttige effektar; viktig og nyttig kunnskap om næringslivet i regionen – også utanfor eigen kommune.

Bedriftene set stor pris på å få besøk, får presentere bedrifta si og ha dialog med leiinga i kommunane. Slik bygger vi kontakt og tillit mellom kommunane og næringslivet.

Ålesund Lufthavn, Vigra

Ålesundregionen er ein utkant i Europa, men har bedrifter i verdstoppen.

Eit godt flytilbod med rutesamband til sentrale knutepunkt er avgjerande for å behalde denne posisjonen. For å sikre nødvendig utvikling av rutetilbod, infrastruktur og transport til og frå flyplassen blei eit aksjeselskap etablert i desember 2018 med representantar frå næringsliv, Region Ålesund og Sunnmøre Regionråd. Arbeidet blir no vidareført gjennom selskapet Utviklingsforum for Ålesund lufthavn, Vigra AS.

The North West

Målet med The North West er å bygge stoltheit, identitet og samhald hos alle som bur her, og samle gode krefter for å skape ein attraktiv og berekraftig region for framtida.

Ambisjonen er å skape ein nasjonal møteplass for regionsutvikling. Vi ønsker at The North West skal bidra til nyskaping, felles mobilisering og ei styrking av det som allereie eksisterer i regionen.

The North West blir i år arrangert 25.–27. april.

Nye Ålesund tar med seg og vil vidareføre dei erfaringane som er gjort gjennom arbeidet i Region Ålesund. Når fem kommunar skal bli ein, tar vi med det beste frå kvar kommune innanfor næringspolitikk og næringsutvikling, samstundes som vi også vil utvikle nye samarbeidsformer.

Vi er godt i gang med den prosessen Bente Lund Jacobsen spør etter. Derfor er det godt å vite at fleire ser verdien av godt lagspel. For vi er slettes ikkje i mål.

Dialogen mellom politikarar, kommuneadministrasjon og næringsliv må bli enda betre slik at vi kan spele på det same laget til beste for regionen.

I fellesskap bygger vi framtida.