– Det e berre ei paddemark, sa dei. Ja, nokre brukte jamvel ordet støvelmark, om grunne område

Det var stader ein måtte vere ekstra på vakt, og fekk ein stopp i maskina kunne det bli dramatisk. Ein kan trygt hevde at heile området frå Hestskjær- fyr vest av Kristiansund til du svingar inn Saltsteinsleia og Harøyfjorden vest av Bjørnsund, kan kallast paddemark. Det er også dette området vi grovt sett kallar Hustadvika. Det opne havet står inn, og når vinden blæs frå vest og nordvest går avdrifta mot fallgarden, og det er slett ikkje alle stadar det er ankerfeste.

Men det er på sin plass å minne om at utfordringa med navigasjon endra seg totalt når GPS systemet kom. Når feilmarginane i systemet vart tekne bort, var det ei ny tid både på sjø og land.

Medan ein før måtte sjå ut i natta etter lyktar og blinkar, har ein i dag full kontroll på kvar båten er i høve til farleg farvatn.

Eigentleg er det ei gåte kvifor det store cruiseskipet rota seg inn i dette farvatnet når meldingane var full storm. Det ligg så mykje vind i det høge skroget at det er som eit storsegl. Eg sjekka AIS- historikken til skipet, og det har vore fleire englar på himmelen enn dei med rotor.

Eg har latt tankane fantasere litt om kva som hadde skjedd dersom cruiseskipet med 1300 personar hadde hamna i fallgarden på Hustadvika. Det er ei hypotese, det skjedde heldigvis ikkje, det er best å ikkje tenke på. Så må andre svare på kvifor cruiseskipet hadde kome inn i dette området? Lastebåten som fekk trøbbel kom nok den leia han vanlegvis går.

Det er eitt brot eller grunne der fleire båtar har forlist, den heiter Bjogna, der er berre tre meter djupt og Bjogna bryt stort sett heile tida. Det ligg ca. fire km vest av Atlanterhavsvegen.

I mars 2007 grunnstøytte ringnotsnurparen «Herøy» på Bjogna, og etter mykje dramatikk vart alle om bord berga.

I 1909 gjekk hurtigruteskipet «Olav Kyrre» på grunn på Bjogna, alle vart berga. Eit engelsk krigsskip skal også ha grunnstøytt på Bjogna, det er funne kanoner på botnen.

Det er fortalt ei historie om biskop Arne Fjellbu (1890-1962) som fekk stå på brua på hurtigruta saman med losen.

Biskopen spurde losen: «Du kjenner vel alle skjera her du?» «Nei, svara losen, men eg veit kor vi flyt.» Og det er sjølvsagt det aller viktigaste.

Det mest omtala forliset på Hustadvika skjedde i 1938 då frakteskipet DS «Rokta» gjekk seg opp på Galleskjæra vest-nordvest av Bjørnsund. Båten var frå Øystese i Hordaland, og var på veg frå Alta til Skottland lasta med skifer.

Norge stod stilt i over eit døgn, medan radioen følgde redningsaksjonen frå time til time. I ettertid var det redningsskøyta «Christian Bugge» som fekk æra for at seks av dei tolv som var om bord i «Rokta» vart berga – seks omkom diverre.

Men i tillegg til den bragda redningsskøyta gjorde, viste over 80 fiskarar frå Ona, Gossen, Rindarøy og Bjørnsund stort mot.

I den avgjerande augneblinken då «Rokta» glei av skjæret låg fem fiskebåtar og venta for å eventuelt berge folk. Dei hadde gjort det umoglege og gått gjennom grunnbrotta for å kome seg opp under havaristen. Arnulf Øverland skreiv eit langt dikt, som heiter «Sjøfolkene» på Hustadvika» I eit av versa hyller han dei lokale som våga livet for å berge folk:

«Helter? – Hvem snakker om helter her Det er jo folk som vi kjenner! Det er Peder og Eilert og Lars og Johan, det er naboer, skyldfolk og venner!»

Med visse mellomrom blir vi menneske minna på at all teknologien vi disponerer kan slå feil. På sjøen er det nokre scenario som potensielt sett kan utvikle seg til ei tragedie. Det er når ein misser maskinkraft og framdrift i farlege område.

I smule farvatn kan ein ankre, men det er ingen garanti for at om du slepp ankeret på Hustadvika eller Stadhavet så er ein berga. Eit anker må få feste, og festet må vere godt.

På mange måtar er det litt uverkeleg det vi vart vitne til denne gongen. Men det var ein god test av redningstenesta ikkje minst helikoptera. Når det gjeld å plukke folk frå båtar, havet eller frå skjær er det ingenting som kan måle seg med eit helikopter.

Å plukke 1300 menneske frå ein båt med helikopter er likevel ei så stor oppgåve, at det ikkje er ei einaste redningsteneste i verda som er dimensjonert for det.

Det vi uansett veit sikkert er at Hustadvika blir liggande der, slik den var skapt. Eg veddar ein hundrelapp på at etter dette, kjem dei fleste cruiseskip til å styre lenger til havs når det blæs storm.

Cruiseskipet i store vanskar på Hustadvika. Det ligg så mykje vind i det høge skroget at det er som eit storsegl, skriv Knut A Høyvik. foto: TT NYHETSBYRÅN