Dersom klimakampen blant er så viktig, kvifor i alle dagar støttar Øveraas sitt Høgre her i fylket framleis giftdeponi på Raudsand?

Dersom klimakampen er så viktig i Høgre, kvifor i alle dagar støttar Øveraas sitt Høgre her i fylket utbygging av ein undersjøisk tunnel på 16 km 400 meter under sjøen på Møreaksen?

Enda verre vert det når det einaste partiet her i fylket som støttar framleis giftdeponi på Rausand er Høgre. Dette står i grell kontrast til Unge Høgre og Falk Daniel Øveraas sitt rørande klimafokus.

Heldigvis klubba vår statsminister ned Unge Høgre i sitt eige landsmøte for forslaget om forbod mot diesel og bensinbilar frå 2025.

Så registrerer vi i Frp her i fylket Høgre sin iver etter å stemme i lag med Ap i sak etter sak, samt leggje «forsvarande handa» over Ap-representantar som ikkje klarar å forsvare seg sjølve.

Eg oppfattar innlegget frå Falk Daniel Øveraas frå Høgre slik, «at er ein ung kan ein seie det ein vil, medan «vaksne» ikkje såleis kan svare.

Det er nok denne taktikken som er forsøkt her, og tydelegvis med godkjenning frå fylkesleiinga i Høgre. Vi er nok vane med ein «belærande tone» frå Høgre. Det er ikkje noko nytt.

Så får berre Falk Daniel Øveraas i Høgre, berre halde fram å hamre laus på underteikna og Frp. Dette får vi berre leve med framover i valkampen. Kva skal ein med fiendar, når ein har slike vennar.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Frp. Foto: Staale Wattø