Vi har dei siste par vekene hatt ein opprivande helsedebatt debatt i Møre og Romsdal. Eit Helse og Møre og Romsdal som kjempar med ryggen mot veggen og ikkje klarar å kome i økonomisk balanse etter mange år med store underskot.

Vi ynskjer alle ein region med eit mest mogleg likeverdig helsetilbod for alle og det må helseføretaka ta innover seg.

Det pussige er og samanlikninga med gule vestar i Frankrike og Brexit. Ja, folk har fått nok på Nordmøre, med god grunn, men det ironiske er då at ein peikar på Trøndelag som eit alternativ løysing, når det er nettopp Helse Midt Norge som har tappa Helse Møre og Romsdal for midlar sidan innføringa av Magnussen-modellen i 2012.

Samstundes har Helse Møre og Romsdal eit stort ansvar for å endre eigne rutinar og drift for å redusere underskotet, det er og fullt mogleg.

Enkelte har og bedt helseministeren om å kome på bana tidlegare, ja kanskje er det ei løysing om ikkje Helse Midt Norge tek grep overfor Helse Møre og Romsdal.

Det er likevel ikkje slik at han kan gripe inn i sakshandsaminga i helseføretaket. Slik er ikkje føretaksmodellen som Arbeidarpartiet innførte oppbygd.