Personangrep: Det er trist å sjå at motstandarar av Møreaksen går til personangrep på Helge Orten i staden for å argumentere for sitt prosjekt. Er det fordi dei manglar saklege argument? Dei fleste av oss som står bak dette innlegget, er ikkje høgrefolk, men det hadde vore greitt om alle kunne halde seg for gode til usakleg skitkasting mot personar. Vi trur at folk er opptatt av å vite fakta og ta standpunkt ut frå det.

Nei til omkamp: Vi er lei av omkamp her i fylket. Motstandarane av Møreaksen har dessverre lukkast med å spreie mykje feilinformasjon. No ser vi at dei også angrip Hafast og vil ha ei anna kryssing av Storfjorden på Sunnmøre. Lastebileigarforbundet har også tatt til orde for å velje ei anna kryssing på Storfjorden i si høyringsuttale til Konseptvalutgreiinga. Motstandarane må ikkje få vinne fram! No er Møreaksen klar til bygging, og Hafast er det neste prosjektet som skal byggast. Tida er inne for utvikling, ikkje utgreiing.

Samfunnsmål: Møreaksen og Hafast er vedtatt fordi målet er å «vareta behovet for kommunikasjon for bu- og arbeidsmarknaden i regionen».

Romsdalsaksen er greia ut: I konseptvalutgreiinga blei det vurdert flytebru til Sekken og veg vidare langs Veøya til Sølsnes. Romsdalsaksen er greidd ut som konsept, men forkasta fordi det ikkje oppfyller samfunnsmålet.

Planlegging av Møreaksen: Det er berre det beste konseptet som blir planlagt i detalj. Staten har brukt meir enn kr 200 millionar på detaljplanlegging av Møreaksen så langt. No ligg føre vedlagt reguleringsplan og prosjektet er klar til bygging.

Dyr planlegging av Romsdalsaksen: Statens vegvesen har berekna at utgreiing av Romsdalsaksen til same detaljnivå som Møreaksen vil ta 7,5 år og koste 750 millionar. Til samanlikning har Staten brukt over éin milliard til planlegging av Hordfast med flytebru over Bjørnafjorden.

Reisetider og trafikk:

Frå Ålesund til Molde (Bolsønes) vil Møreaksen vere ca. 15 minutt raskare enn Romsdalsaksen. Det er her mesteparten av trafikken køyrer.

Frå Ålesund til Hjelset vil det berre ta 4 minutt lenger med Møreaksen enn Romsdalsaksen. (Truleg mindre forskjell i tid på vinterføre pga. gode køyreforhold i tunnelen).

Legg vi trafikktala til grunn vil Romsdalsaksen medføre ca. 70.000 km ekstra bilkøyring pr. år. Det er dårleg regionbygging og dårleg miljøpolitikk.

Fannestranda: Dette er eit omdiskutert tema. Uansett er Møreaksen den beste løysinga for Fannestranda. Med ferje blir svært mange bilar sett inn i vegsystemet kvar gong ho blir tømt. Med Møreaksen blir det betre flyt. Romsdalsaksen vil føre til langt høgare trafikk på Fannestranda fordi all trafikk til Sunnmøre og Vestnes då må gå her. Og all trafikk til/frå Molde på E39 må køyre fram og tilbake på denne strekninga.

Stigning: Det blir snakka mykje om tunnelar, stigning og høgdeforskjellar. For Møreaksen veit vi kva det dreiar seg om, knapt 5 % stigning er om det blir tunnel. Romsdalsaksen ønskjer ikkje fokus på all stigninga si: Stigning på Hjelvika (60 m?), Sekken (100 m?), bru over Sekkesundet (85 m?), bru til Sølsnes (50 m?), stigning på Sølsnes (60 m?), stigning på Skåla (80 m?), Fannefjordtunnelen (100 m) eller bru over Fannefjorden (60 m?). Ca. 500 meter stigning på Romsdalsaksen?

Fastlandsforbindelse for Aukra og Midsund: Med Møreaksen får Aukra og Midsund fastlandsforbindelse utan kostnad for fylket. Kjerringsundet mellom Aukra og Midsund gir kr 3,3 milliardar i ekstra trafikantnytte. Med Romsdalsaksen må fastlandsforbindelse byggast som eiget prosjekt: Julsundbrua kr 6,5 milliardar og Kjerringsundet utan steinmasse frå Møreaksen kr 3,5 milliardar. Romsdalsaksen medfører altså ein ekstra kostnad på kr 10 milliardar for fylket. Det vil fylket aldri ha råd til.

Kostnadar: Kostnaden for E39 Ålesund-Molde via Møreaksen har krympa frå kr 37,2 mrd. Ålesund – Molde til 23,1 mrd. Strekninga Ørskogfjellet-Molde (Bolsønes) som ein første etappe kan byggast for kr 17,5 mrd. Sjølve fjordkryssinga, tunnel og bru, vil koste kr 12,9 milliardar for 4-felts veg. Romsdalsaksen AS meiner dei kan krysse fjorden med 2-felts veg for kr 15 milliardar. Møreaksen er altså billigast.

Romsdalsaksen AS held kalkylane sine hemmelege. Men dersom ein ser dei litt i korta finn ein fort ut at deira løysing er svært dyr:

• Fjordkryssing Romsdalsaksen med 4-felts veg: ca. kr 30 milliardar

• Lønset-Bolsønes: ca. kr 5,5 milliardar

• Fastlandssamband for Midsund og Aukra: kr 10 milliardar

• Resten av strekninga Ålesund-Molde med 2/3-felts veg: ca. kr 6 milliardar

•SUM: ca. kr 51,5 milliardar

Romsdalsaksen vil altså koste om lag 50 milliardar for å oppnå det same som for Møreaksen med 23,1 milliardar.

Dersom Romsdalsaksen AS vil motbevise dette må dei legge fram kalkylane sine så andre kan få vurdere dei.

Bompengar: Dette veit vi om bompengane på Møreaksen:

• Personbil Ørskogfjellet-Vik; Kr 24.

• Personbil Vik-Bolsønes; Kr 144.

• Lastebil/vogntog får billigare fjordkryssing med bompengar enn med full rabatt på ferje i dag: kr 360 i bompengar mot kr 420/440 med full rabatt ferje.

Med dei prinsippa som Statens vegvesen har lagt til grunn for berekning av bompengar, ville det ha kosta minst like mykje i bompengar på Romsdalsaksen.

Møreaksen er den beste løysinga. Møreaksen er den billigaste løysinga. No må vi bygge Møreaksen og deretter Hafast snarast råd.