Ei stor gruppe legar og andre fagfolk ved Ålesund sjukehus stiller seg mannsterke opp framfor akuttmottak i Ålesund og leverer ein kronikk der målet er å få fram at det ikkje bør vere traumefunksjon i Volda.

Dei hevdar det er på tide å sjå på fakta, underforstått så hevdes det at det ikkje er fakta som har kome fram i denne debatten tidlegare. At traumesaka ikkje handlar om hjerneslag, keisarsnitt, infarkt m.m. er alle samde om. Det er samtidig fullt forståeleg at personar utanfor fagmiljøa kan ha problem med å forstå kva som er kva.

Arbeidsgruppa det visast til var sett saman av representantar frå alle fire sjukehus. Gruppa klarte ikkje å einast om ein modell, og leverte difor ein rapport med to ulike modellar. Den eine der Ålesund og Molde defineres som akuttsjukehus med traumefunksjon, den andre der også Volda defineres som akuttsjukehus med traumefunksjon. Gruppa konkluderte med at Volda har det som skal til for å ha traumefunksjon, og at det er medisinsk forsvarleg å ha traumefunksjon i Volda.

At kronikkforfattarane no hevdar at Volda må tilførast ressursar utover det som er talfesta i rapporten er spesielt, all den tid kronikkforfattarane var sterkt representert i arbeidsgruppa og ikkje hadde innvendingar der. Det må forventast ei viss form for konkretisering av kva ekstra kostnader dei meiner må til.

Rapporten konkluderer med at Volda kan ha traumefunksjon utan vesentlege ekstra kostnader. Så utan å legge fram dokumentasjon blir det synsing, og ikkje faktabasert informasjon som kjem fram i kronikken. Å sjå traumefunksjon i Volda opp mot den økonomisk utfordrande situasjonen i føretaket blir ei avsporing.

Tilsette ved VSH hevdar dette ikkje er sjukehuskamp, seiast det i kronikken. Det er vel ingen ved VSH som meiner at noko tilbod skal reduserast i Ålesund, eller at nye ressursar skal tilførast Volda! Men mange med meg meiner at dei vaktressursar som uansett er til stades i Volda skal nyttast til beste for pasientane. Om legane i Ålesund ser dette som sjukehuskamp, får det stå for deira rekning. Når Ålesundlegane vel å gå så hardt ut mot Volda i denne saka, er det dei som tek fokus vekk frå mange andre viktige saker i HMR. Å bruke tid og ressursar på å rakke ned på andre sjukehus er ikkje noko som er ynskjeleg!

Traumesystemet i HMR som har vore gjeldande dei siste åra, har svakheiter som har skapt uklarheit og diskusjon om kvar pasientar skal etter ei ulukke. I dette systemet er Ålesund definert som primærdestinasjon for pasientar sør for Romsdalsfjorden, men Volda sjukehus skal vurderast ved alvorleg skadde pasientar på Søre Sunnmøre. Det er og definert at Volda skal ha traumeteam og 24/7 beredskap for mottak og stabilisering av traumepasienten. Eit nytt system der Volda ikkje skal ha nokon traumeberedskap vil difor vere å ta vekk eit tilbod som pr. i dag er i Volda.

Vel vitande om at Kristiansund ikkje har kirurg i vakt, samanliknar kronikkforfattarane Kristiansund/Molde med Volda/Ålesund. Når dei prøver å framstille sin kronikk som faktabasert, bør dei opplyse om at arbeidsgruppa har vore heilt samstemte i at Kristiansund ikkje kan ha traumefunksjon i hht Nasjonal traumeplan på grunn av at der ikkje er naudsynte fagfolk i vakt. Og at arbeidsgruppa er samstemte i at Volda kan ha traumefunksjon i hht Nasjonal traumeplan fordi alle naudsynte faggrupper er i vakt.

Fakta om luftambulanse og tilgjenge kan framstillast på mange måtar.

Å vise til statistikk som viser at det vil gå 50 år mellom kvar alvorleg skadde traumepasient som ikkje kan fraktast frå Volda med helikopter blir spekulativt og i beste fall kreativ sjonglering med tal.

Denne faktaopplysninga treng ikkje nærare kommentar, då alle med eit minimum av kjennskap til akuttberedskap veit at det kvart år er fleire gonger luftambulansen ikkje er tilgjengeleg pga. vær, tekniske tilhøve eller flytid på personellet. Det vil ikkje vere lurt å gamble på at det ikkje skjer ulukker desse dagane.

Det kanskje mest oppsiktsvekkande i kronikken er at forfattarane skriv: «Og skulle det skje en alvorleg ulykke i umiddelbar nærleik til VSH, eller at luftambulansen ikkje er tilgjengeleg, så er det sjølvsagt ikkje slik at man startar biltransport av ustabile pasientar. Det er, og vil vere, kompetent personell og ressursar ved VSH til å handtere en slik situasjon, til å gi livreddande behandling i påvente av transport».

Det er jo nettopp dette mykje av traumefunksjonen handlar om! Så då blir spørsmålet kva dei er imot! Her skriv dei at Volda har kompetent personell og ressursar og skal ha beredskap for å ta imot dei dårlegaste traumepasientane, Kvifor er dei då så opptekne av at system og rutinar for handtering av desse pasientane skal byggast ned i Volda?

For det første, Volda har siste åra hatt 30–40 traumepasientar i året, i ein situasjon der Volda i utgangspunktet ikkje skal ha traumepasientar! Kronikkforfattarane veit godt at det reelle talet traumepasientar i Volda vil ligge på 70–100 i året dersom Volda har traumefunksjon. Volda vil med dette ligge om lag på snittet av norske sjukehus når det gjeld tal traumepasientar.

For det andre så veit kronikkforfattarane godt at ingen norske lokalsjukehus har nok volum til at du blir ein god traumekirurg av dei traumene som kjem inn. Alle legar i traumeteamet må skaffe seg traumeerfaring på universitetssjukehus i spesialiseringa si, og gjennom kurs og øvingar vedlikehalde denne kompetansen på lokalsjukehuset. Volda sine legar har brei traumeerfaring frå Ullevål og St. Olav, truleg er det slik med legane også i Ålesund.

For det tredje så har Nasjonal traumeplan føringar på korleis sjukehus utan radiolog i døgnvakt, sjukehus med begrensa blodbankkapasitet mm skal rigge seg, og Volda retter seg etter desse føringane.

Når det gjeld vaktorganisering og heimevakt for overlegar, så fyller Volda krava i Nasjonal traumeplan. Volda er på linje med samanliknbare akuttsjukehus med traumefunksjon elles i Norge, og i tråd med legeforeningen sine anbefalingar.

Ein hovudregel i Nasjonal traumeplan er at dersom det er meir enn 45 minutt til traumesenter (St. Olav, Haukeland, Tromsø og Ullevål), så skal pasienten til næraste akuttsjukehus med traumefunksjon. Her kan pasienten stabiliserast og få livreddande kirurgisk behandling. Deretter kan pasienten fraktast til traumesenter for definitiv behandling. Når det er tidskritisk er næraste traumesjukehus viktigare enn om pasienten kan få all behandling han treng på dette sjukehuset.

Som det vert opplyst i kronikken så har Ålesund m.a. invasiv radiolog og karkirurg. Dette er veldig bra, og kjem alle pasientar på Sunnmøre til gode. Men det er vel ikkje etablert vaktordning for desse spesialistane i Ålesund? Og det er heller ikkje spesialistar som krevst i eit traumeteam.

Beredskap er avsporing seier Ålesundlegane. Her er eg sterkt ueinig. Beredskap handlar både om naturkatastrofar, store ulukker, andre masseskadesituasjonar og normalsituasjon. Dette har med traumeberedskap å gjere. Den dagen ein treng Volda i ein beredskapssituasjon så er ein mykje betre rusta om ein har personell som er drilla på mottak av skadde pasientar, enn om ein i den situasjonen skal lage system og rutinar som personellet ikkje er trent på. Eit sjukehus som ikkje skal ta imot hardt skadde i normalsituasjon, vil nok slite med å gjere dette i ein beredskapssituasjon. Om lag 70 000 menneske vil ha Volda som sitt næraste akuttsjukehus med traumefunksjon (geografisk nærleik vel og merke, ikkje helsebyråkratisk).

Nordfjord høyrer under Helse Førde og Helse Vest. Det tek ikkje vekk det faktum at store deler av befolkninga i Nordfjord har Volda som næraste akuttsjukehus. Også i Nordfjord er det til tider stengde veger og dårleg vær, då køyrer ambulansane til Volda.

Kronikkforfattarane hevdar at VSH også må ta sin del av innsparingane i føretaket. Sjølvsagt gjer VSH det. Men saka om traumefunksjon handlar ikkje om økonomi! Og kanskje grunnen til at VSH ikkje får dei store kutta no er at VSH driv mest effektivt frå før?

Kronikken frå Ålesundlegane hevdar å sjå traumeberedskap i Volda i eit større perspektiv. Ja, la oss sjå det i eit fylkesperspektiv, som traumesystemet i Helse Møre og Romsdal. Helse Møre og Romsdal har tre gode akuttsjukehus med kirurgisk beredskap som fyller krava i Nasjonal traumeplan. I eit større perspektiv vil vel det å utnytte den beredskapen best mogleg på alle tre sjukehus vere det mest tenlege, all den tid det er einigheit om at det er medisinsk forsvarleg å ha traumefunksjon på desse tre sjukehusa. Ein sørger då for at ressursar som alt er i vakt blir nytta effektivt, ein sørger for nærleik til akutthjelp også for Søre Sunnmøre og Nordfjord. Ikkje minst så opprettheld ein eit fagleg sterkt og engasjert fagmiljø i Volda, som meir enn gjerne vil vere med å bygge opp den samla kompetansen i Helse Møre og Romsdal til beste for alle pasientane våre.

Det er å håpe at ein kan etablere eit fruktbart og godt samarbeid mellom Volda og Ålesund, der fokus blir flytta frå å snakke kvarandre ned, og til å bygge gode samarbeid med best mogleg tenester til befolkninga som hovudmål.

Erlend Bae, Seksjonsleiar Volda ambulanse og fungerande traumekoordinator Volda sjukehus

Erlend Arne Bae er seksjonsleiar Volda ambulanse og fungerande traumekoordinator Volda sjukehus Foto: Privat