Til våren skal The North West arrangerast for tredje gong. Konferansefestivalen vert større, meir aktuell og med eit større internasjonalt preg enn tidlegare. Vi skal samle verdskjende foredragshaldarar, heile det norske Smart City-nettverket, næringslivet og den politiske eliten her i vakre Ålesund. Mange blikk vert retta hitover desse yrande vårdagane i april.

Samstundes vert The North West nærare på alle som bur her enn tidlegare. Eitt av hovudprinsippa i berekraftsmåla er at ingen skal utelatast, dei angår oss alle. Unge og gamle, friske og sjuke.

Korleis vil eigentleg hippe ord som berekraft, Smart City og klimakrise konkret påverke oss som bur her, eller ynskjer å bu her i framtida? Kva betyr det for meg, for deg eller for borna våre? Det er det som er dei viktige spørsmåla, det er det som betyr noko. Og det er heile grunnen til at ein nyttar så mykje ressursar på The North West; Vi har ikkje svara.

Vi veit kva for ei verd vi ynskjer å leve i, dette er definert i berekraftsmåla. Ei verd der ingen svelt, der alle har eit godt liv og vi ikkje brukar opp ressursane jorda tilbyr oss. Det vi ikkje veit, er korleis vi kjem dit eller korleis det påverkar oss og vårt levesett. Det veit korkje eg eller andre. Men eg trur at vi saman kan finne det ut.

Eg er utdanna navigatør, og veit at det fyste ein må vite for å kome seg frå A til B, er kvar A er. Vi må vite kvar vi står i dag, kva som er situasjonen i vår region. Satsinga på Smart City gir oss betydeleg kunnskap om dette. Når vi har denne kunnskapen, må vi anvende den for å utvikle regionen på ein berekraftig måte, slik at vi er rusta på utfordringane som kjem. For dei kjem enten vi er klare, eller ikkje.

Difor skal vi samle så mykje ulike aktørar her, saman med oss, desse dagane. For å stille dei vanskelege spørsmåla, utfordre etablerte sanningar og skape gode relasjonar. Når vi ikkje veit kva framtida bringar, då får vi gjere som vi alltid har gjort her på Nordvestlandet; Vi får skape ho sjølv. Ulike aktørar må arbeide saman, mot eit felles mål. The North West skal vere arenaen der alt dette startar, både for vår region og for andre regionar. Eg er overtydd om at det er gjennom deling vi får positiv utvikling. Vi skal få besøk frå fjernt og nær for å lære av kvarandre. Difor håpar eg at også du vil vere med oss desse dagane i april og dele av dine erfaringar, din kunnskap og di tid. Så skal vi lytte og lære.

Eg er overtydd om at regionen har alt som skal til for å lukkast i framtida, men det føreset at vi arbeider saman. Det har eg trua på at vi får til, har du?