Eit fylke der oppe, langt mot nordvestslit meir enn flate «austlandsfylke» flestHer er tungvint og kronglete geografigrisgrendte strøk, med bygdafolk i.

Vi får ein fin pengesekk frå statenmen ikkje nok til å ha salt på maten«No må vi spare» vert det sagtog sparekniven er klar til slakt.

Sjølv er eg ein som bur «der inne»vi har alt å tape og lite å vinne.Dei fleste tilbod vert bygde nedno skal kniven brukast på skulane.

Som lærar og «førti» er notida mimen elva av tid den strøymer forbiKorleis skapar vi eigentleg bumotivasjonom vi slaktar tilbodet til neste generasjon?

Bruk ikkje kniven på ungdommen vårdei skal oss bere i komande år.Tvingast dei no til sentrale strokvert bygdene mørke og framtida «låk».

Bjørn Egil Bergeog dei andre lærarane ved Stranda VGS

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no