Dikt:

«Slaktekniven»

Kuttar: Fylkesutvalget i Møre og Romsdal har svinga sparekniven over kollektivtilbod og skuletilbod i fylket.   Foto: Staale Wattø

Bruk ikkje kniven på ungdommen vår, dei skal oss bere i komande år

Bjørn Egil Berge
Meninger

Eit fylke der oppe, langt mot nordvest
slit meir enn flate «austlandsfylke» flest
Her er tungvint og kronglete geografi
grisgrendte strøk, med bygdafolk i.

Vi får ein fin pengesekk frå staten
men ikkje nok til å ha salt på maten
«No må vi spare» vert det sagt
og sparekniven er klar til slakt.

Sjølv er eg ein som bur «der inne»
vi har alt å tape og lite å vinne.
Dei fleste tilbod vert bygde ned
no skal kniven brukast på skulane.

Som lærar og «førti» er notida mi
men elva av tid den strøymer forbi
Korleis skapar vi eigentleg bumotivasjon
om vi slaktar tilbodet til neste generasjon?

Bruk ikkje kniven på ungdommen vår
dei skal oss bere i komande år.
Tvingast dei no til sentrale strok
vert bygdene mørke og framtida «låk».

Bjørn Egil Berge
og dei andre lærarane ved Stranda VGS

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no