«Gratis ferjer og gratis skulemat, var valgflesket til SP, no har valgflesket surna, no blir det over 100 mill kr i kutt i dei vidaregåande skulane, nedlegging av skuletilbod, dyrare ferjer og kutt i ferjeruter»

Alle huska SP sin samferdselsminister Liv Signe Navarsete som tvinga dei gamle riksvegane og riksvegferjene over på fylka, der vi her i fylket fekk eit direktetap på 178 mill kr pr pr.

I tillegg flekk vi eit vedlikeholdsetterslep i «gåve frå SP» på meir enn 6 milliard kr.

No reiser SP og dei andre raud/grøne partia rundt og klagar over dårleg økonomi, og skuldar på andre, medan realiteten er at dei sjølve i posisjon her i fylket har brukt ca 150-200 mill kr for mykje pr år dei fire siste åra.

Dette må no kuttast, ikkje på grunn av regjeringa, ikkje på grunn av noko anna enn konsekvensen av SP og resten av dei raud/grøne sin politikk her i fylket.

Hjelper heller ikkje å klage over Nordøyvegen eller andre prosjekt, som pr dato ikkje påverkar dagens økonomi.

Dei velgarane som har stemt på SP og resten av dei raud/grøne partia, skal huske på dette når dei ser konsekvensen av SP og resten av dei andre partia sin politikk, som fører til dyrare ferje, Autopass, dårlegare frekvens, nedlegging av skuletilbod og fare for nedlegging av skular.

Klima og miljøhysteriet kostar Møre og Romsdal fylke dyrt, El ferjer, svindyre nye ferjekaier med gigant batteripakkar og El bussar, er slett ikkje gratis.

«Fleirtalet sin driftsavtale for dei fire neste åra skal ha gratis skulemat, enda meir miljøtiltak, som dei altså skal finansiere ved å leggje ned skuletilbod, kutte klasser og slå ihop eller leggje ned vidaregåande skular, dyrare ferjebilettar og dårligare ferjetilbod»

SP i praksis er langt ifrå «gratis ferjer» og vi vil nok tru at folk flest forstår etterkvart deira lettvinte løysingar,

«I praksis er dårlegare og dyrare tjenestetilbod for innbyggjarane i heile Møre og Romsdal fylke »