Sunnmørsposten meiner:

«Skuld og ansvar er ulike ting»

Ryddejobb: Torbjørn Røe Isaksen (H) overtek ryddejobben i NAV-skandalen etter Anniken Hauglie (H).  Foto: Terje Bendiksby/ NTB Scanpix

Meninger

I dag stiller riksadvokat og trygderett til møte hos Arbeids- og sosialdepartementet. Ho som inviterte til møtet, stiller derimot ikkje. Anniken Hauglie (H) forlét, som den einaste Høgre-statsråden, regjeringa fredag.

«Ein feig veg ut», seier NAV-ofre. «Ei vedgåing av ansvar», seier Ap.

Etter at Hauglie forklarte seg for kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget, har både Rødt, SV og MDG varsla mistillit mot henne. Arbeidarpartiet og Senterpartiet vurderte å slutte seg til. Som statsråd i ei fleirtalsregjering, ville ho likevel sitje trygt. Med Framstegspartiet ute av regjering, hadde ho ikkje lenger den garantien.


Ap om Hauglies avgang: – Ei innrømming

Statsminister Erna Solberg (H) og regjeringa kan ikkje rømma frå ansvaret i Nav-skandalen ved å byta ut Anniken Hauglie, åtvarar Arbeidarpartiet.


Korkje Hauglie eller statsminister Erna Solberg knyter avgangen til NAV-skandalen. Hauglie seier sjølv at avgangen var hennar val, at det uansett var eit spørsmål om tid og at tidspunktet vart rett no. Solberg forklarar avgangen med behovet for fornying.

Uansett årsak: Statsråden som sat med ansvaret då NAV-skandalen vart avdekka, er no ute. Det endrar det politiske spelet. Den mest sentrale brikka sett frå Stortinget, er borte frå brettet.


Hauglie: – Mitt val å gå av

Påtroppande arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier alle Nav-offer skal få den behandlinga dei har krav på. Anniken Hauglie seier ho sjølv valde å gå av.


For ofra for NAV-skandalen kan måten dette skjer på, sjølvsagt vere skuffande. Dei hadde fortent at nokon klart og tydeleg stod fram og tok ansvar. For ein statsråd betyr det i ein slik situasjon å gå av.

Det treng ikkje bety det same som å vedgå skuld. Skuld og ansvar er to ulike ting. Det er ikkje ein gong nokon naudsynt samanheng mellom skuld og ansvar, korkje i jussen eller i politikken.


Nav-ofre meiner Hauglie tar den feige vegen ut

Det er flautt at ansvarleg statsråd for Nav-skandalen snik seg ut bakvegen, seier leiar i AAP-aksjonen Elisabeth Thoresen.


Ansvar kan den som sit med ansvaret ta, sjølv om det korkje er aktløyse, forsett eller overlegg som ligg bak. I NAV-skandalen er det mange som har svikta, både etatar, institusjonar og statsrådar.

NAV har forstått rettstilstanden feil. Det har også politi, påtalemakta og domstolane – inntil 2017 også Trygderetten.

Skulda kan fordelast på mange.


Monica Molvær tilbake, sender Torgeir Dahl ut av fylkesutvalget:

Fikk bare én og en halv måned i rikspolitikken: - Surrealistisk

(Ferdig i rikspolitikken, skubber Molde-ordføreren ut av fylkesutvalget)


Hauglie sat med det øvste ansvaret for NAV i dei månadane som gjekk frå Trygderetten først varsla til det vart handla for å stoppe uretten. Når først saka kom opp, ser ho også ut til å ha tatt dei viktige grepa for å få fakta på bordet og rydde opp.

Ein kan ikkje seie at ho har skuld i uretten.

Likevel har ho ansvar. Det kunne ho tatt – tydelegare enn ho gjorde.