Sunnmørsposten meiner:

«Barn og unge treng betre vern mot overgrep på nett»

Overgrep: Dei som produserer, distribuerer og deler overgrepsmateriale på internett får tilgang til stadig meir avanserte metodar og teknologi til å skjule sine spor.   Foto: ILLUSTRASJONSBILDE

Meninger

Seksuell utnytting av barn på internett er eit alvorleg samfunnsproblem. Ifølge politirapport om kriminalitet og straffesaksbehandling, er det registrert ein klar auke i talet på internettrelaterte saker der offera er under 16 år. Årsaka til auken er mellom anna at gjerningspersonane når fram til mange gjennom internett, og dermed kan eit fåtal saker ha svært mange offer. Politiet reknar også med at det er store mørketal på dette området. Mange unge let vere å melde frå om det dei har opplevd, fordi dei kjenner på skuld eller skam. Første steg er derfor å skape merksemd om temaet, slik at barn forstår at det er ufarleg å snakke om det.

Nyleg vart ein sunnmøring i 50-åra dømt til ni års fengsel mellom anna for forsøk på medverknad til valdtekt av barn under 14 år. Ifølge dommen skal mannen ha oppfordra til seksuelle overgrep mot barn som skulle overførast på video til han. Det er vanskeleg å forstå at vaksne kan få seg til å utføre slike handlingar, men det skjer, også i vårt lokalmiljø, og det bør alle vere merksame på.

Ungdom bruker stadig meir av tida si på internett. Norsk Mediebarometer viser at unge i alderen 9 til 15 år bruker i gjennomsnitt to timar kvar dag på nett og mobil. Den mest populære appen for denne aldersgruppa er for tida kinesiskeigde TikTok. Med TikTok kan barn raskt lage underhaldande musikkvideoar, men også denne tenesta kan misbrukast. Rektor ved Hatlane skole i Ålesund slo alarm i januar då det viste seg at fleire jenter hadde lagt ut videoar av seg sjølve i undertøy i dusjen, etter å ha blitt utfordra til å gjere det. Frå andre stadar i landet blir det fortalt om barn som er blitt pressa til å legge ut nakenbilde for ikkje å miste venner. Det er avgjerande at foreldre bryr seg, og følgjer med på kva innhald barna har på smarttelefonen.


Tilstod i retten og slapp erstatning, men må i fengsel:

Mann brukte skjult kamera for å filme nakne jenter

En mann i 50-årene fra Sunnmøre tok intime bilder av personer uten at de visste om det. Nå er mannen dømt til 2,5 år i fengsel.


For å gjere internett til ein tryggare stad, er det viktig å melde frå til politiet ved mistanke om overgrep. Personar med seksuell interesse for barn kan prøve å oppnå tillit og vennskap for deretter å lokke barna til å utføre uønskte handlingar. Alle kommunikasjonsplattformer, som Facebook, Jodel, Tellonym, Instagram, Snapchat og Tik Tok, kan bli brukt av overgriparar. Vi må derfor forvente at teknologiselskapa samarbeider med politiet for å avdekke nettkriminalitet retta mot dei som bruker appane. Barn og unge treng betre vern mot overgrep på nett.


Tidlegare lærar må i fengsel for overgrep mot gut

Ein tidlegare lærer i 30-åra frå Midt-Troms er i Senja tingrett dømt til tre år og ni månaders fengsel for fleire overgrep mot mindreårig gut.



Sunnmøring dømt for å ha betalt for overgrep mot barn på nett:

Kripos: – Han prøvde å skjule nettbetalingene for kona ved å kalle dem «Honda parts»

Onsdag forklarte Kripos seg om hvordan de avslørte og kartla sunnmøringens oppførsel på internett.