Lesarinnlegg:

«Vi — kommunen»

Ansvar: Politikarar og administrasjon må ta ansvar saman og samarbeide godt for å gi innbyggjarane gode tenester, meniner Tore Johan Øvstebø.  Foto: Morten Hjertø

Meninger

Ålesund kommune er fødd på ny. Svangerskapet gjekk fint, og sjølve fødselen vart feira med nyårsrakettar. Men no strevar vi litt.

Livet kan vere tøft i starten.

Også for ei ny kommune.

Likevel er eg overbevist om at det er ein livskraftig og sterk krabat som har sett dagens lys.

Løfte i flokk

Den største utfordringa no er om vi klarer å stå saman som ein kropp. Om armen seier til foten at eg ikkje treng deg – eller om auget seier til øyret at du er mindre viktig – då stuper kroppen.

Ein kommune er ikkje like kompleks som ein kropp, men eg trur ikkje det finst bedrifter i dette landet som leverer tenester og kompetanse på så mange område som ein større kommune.

Derfor er det også så avgjerande at vi klarer å løfte i flokk. Om vi maktar å skape eit stort «vi». For alle tenester i kommunen er viktig for innbyggarane. Barnevern, vatn, kultur, helse og skule. Og svært mykje meir.

Gjere kvarandre gode

I «svangerskapet» førebudde vi oss på det som skulle kome. Vi jobba mellom anna med intern kultur og verdiar.

Korleis sikrar vi ein god dialog mellom politikk og administrasjon? Klarer vi å spele kvarandre gode? Klarar vi å levere gode tenester til innbyggarane der dei bur?

Vi svikta - både politikarar, fagfolk og administrasjon då gebyra vart utrekna og vedtekne før jul.

Det var ein tabbe – både politisk og administrativt. Men det er eit lite problem samanlikna med det vi kan stå overfor dersom vi ikkje klarer å skape eit felles «vi» - ein grunnleggande tillit mellom administrasjon, politikarar og innbyggarar i nye Ålesund.

Då må lytte til kvarandre, og tåle kritikk både politikarar og administrasjon. Men framfor alt må vi stå skulder ved skulder og ta felles ansvar.

Må røske opp

Ein politikar har fleire roller. Han eller ho er ombodsmann for innbyggarane, og skal ta opp saker der grupper eller enkeltpersonar kjem dårleg ut når det gjeld kommunale tenester. Samstundes er politikaren arbeidsgjevar for dei tilsette og ein del av leiarskapet i kommunen.

Ja, vi treng modige politikarar som vågar å røske opp i urettferd og dårlige strukturar – men vi kan ikkje komme unna ansvaret som leiarar. Kommunen si leiing er todelt - politikarar og administrasjon – men ansvaret er felles.

Den nye kommunen er fødd. No må vi i fellesskap syte for at den vert sterk, sunn og handlekraftig. Ein kommune folk ynskjer å bu i og flytte til. Ein kommune med gode tenester og eit pulserande næringsliv.

Då er ikkje løysinga å skubbe ansvar over på kvarandre, men å føre ein respektful dialog og ta ansvar i fellesskap. Vi - kommunen.

Tore Johan Øvstebø (KrF)
Ålesund

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no