Før fylkestingsvalet i fjor var det fleire politiske parti som lova å gå inn for å få utgreidd Romsdalsaksen. For å sikre seg styringa med dette, snudde Statens vegvesen Midt (SVVM) 180’ og kuppa denne utgreiinga, til protestar frå mange som frykta at dei ville ha Møreaksenbrillene på i dette arbeidet.

Dette viste seg å vere rett. SVVM har vridd talmaterialet, noko eg har dokumentert ved avisinnlegg i Tidens Krav, Romsdals Budstikke, Vestnesavisa og Sunnmørsposten. SVVM har ikkje gjort forsøk på å vise at eg tar feil.

Å halde det ein lovar

Dette har eg og dokumentert i eit nytt avisinnlegg i Tidens Krav, Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten under tittelen «Kva gjer fylkespolitikarane?». Då ingen har svart på dette, stiller eg hermed fylgjande ope spørsmål til fylkesordførar Torve og leiar Kristin Sørheim i samferdselsutvalet i fylket:

Korleis har dei politiske partia halde sine lovnader om å gå inn for at Romsdalsaksen skulle utgreiast, og korleis har dei aktuelle fylkeskommunale organa fylgt opp dette? Meiner de at denne lovnaden er halden? I tilfelle ja, ver venleg å vurdere dette i lys av dei alvorlege skuldingane om juks frå SVVM. I tilfelle nei, kva vil de gjere med det?

Og uavhengig av lovnader, korleis har dei aktuelle fylkeskommunale organa halde seg til rapporten frå desember i fjor frå SVVM om utgreiing av Romsdalsaksen? I lys av kor viktig denne saka er for fylket vårt, skal vel fylket sine folkevalde ta stilling til denne utgreiinga, som representerer heilt andre vegliner og løysingar enn førre gong fylket uttalte seg om denne viktige saka?

For å få ei mest mogeleg uhilda utgreiing av Romsdalsaksen, er det ynskjeleg at Nye Veier AS får vide fullmakter til å vurdere denne viktige saka i heile si breidde. Er de samde i det? Dette kan gjerast utan at det går ut over framdrifta av ei fergefri løysing for Romsdalsfjorden/Moldefjorden, og utan at realismen i ei slik løysing blir svekka, snarare tvert imot.

Forpliktande planføresetnader

Det er no på høg tid at Møre og Romsdal fylke og SVVM fylgjer opp føresetnaden om at flytebrualternativet K5 skulle bli nærare vurdert når dei teknologiske føresetnadane var til stades for ei slik løysing, noko Statens vegvesen har prova lenger sør langs kysten vår.

Er de samde i det? Som påvist, så finnast enkle og gode løysingar på dei problema som SVVM såg for gjennomføring av Romsdalsaksen.

Å få redusert kostnadane for fergefri E39 har vore ei overordna målsetjing for Staten i mange år. Dette har ikkje blitt mindre viktig i desse Koronatider. Dersom vi ikkje lukkast med det, kan heile denne dugnaden stå i fare. Dette må også gjelde for vår del av dette prosjektet. Derfor må alle steinar snuast for å optimalisere dette, som å utgreie Romsdalsaksen på ein ærleg og seriøs måte. Er vi samde om det?

Sjå på kartet! Er de i tvil om at Romsdalsaksen (Hjelvik-Lønset) er viktig å få utgreidd, som føresett, både med tanke på kostnader, trafikk, miljø og tryggleik, no når vi har teknologi til å realisere dette alternativet.

Fylkeskommunale innsparingar

Av tryggleiksårsaker blir det truleg naudsynt å byggje eit nytt løp i Fannefjordtunnelen eller ei bru over Fannefjorden om nokre år. Dette skuldast at krava til tryggleik i tunnelar er strengare no enn då denne tunnelen vart bygd. Ved å byggje Romsdalsaksen sparer ein dermed fylket vårt for store framtidige kostnader til byggjing, drift og vedlikehald.

Er det ikkje no på tide å ta lærdom av den store blemma det var å byggje den fire år gamle Tresfjordbrua på feil stad for å kunne samordnast med ein Møreakse som neppe blir bygd, og som i desember i fjor resulterte i eit urealistisk forslag frå SVVM om ein alternativ kortare, men særdeles fordyrande, trasé over Tresfjorden?

Eg trur de set pris på tilbakemeldingar frå dei som bur i dette flotte fylket vårt, og eg vonar på svar frå dykk i denne viktige saka.

Fylket vårt står overfor mange utfordringar når det gjeld å skape gode relasjonar fogderia imellom. Ein føresetnad for å kunne oppnå det, er at vi kan stole på kvarandre, og at politikarane held det dei lovar.