Lesarinnlegg:

Digitalt angrep på nynorsken

Digitalt grep: Nynorskkommunane og skulane er i hendene på dei store digitale bedriftene. Dette har blitt ekstra tydeleg under den digitale koronatida med heimekontor og heimeskule, skriv Anders Folkestad i dette innlegget.  Foto: Thomas Brun/ NTB/ Scanpix

Kvifor skal elevar til dømes på Stranda eller i Volda, få spørsmål om «hva kjennetegner skjæra»? Det er lang språkleg avstand mellom skjora og skjæra, sjølv om det er den same fuglen.

Anders Folkestad
Meninger

Språk er makt, men også politikk. Nett no er det debatt om mållova og om opplæringslova. Utfallet av desse lovprosessane er viktig, ikkje minst for nynorsken.

Men trass i lovgjeving, er eg redd at passivitet og dårleg praksis er eit vel så stort trugsmål mot nynorsken.

Bryr seg ikkje

Særleg skadeleg er det at nynorskkommunane og skulane er i hendene på dei store digitale bedriftene.

Dei bryr seg lite om norsk språk, og endå mindre om nynorsk. Dei driv business, og ser at kunden alt for stor grad tar imot det han får.

Dette har blitt ekstra tydeleg under den digitale koronatida med heimekontor og heimeskule.

Det kryr av engelske plattformer og termar som ukritisk blir tatt i bruk. Vi importerer både plattformar, teknologi og språk. No blir også nynorsk kutta frå Outlook for telefonar og nettbrett.

Her har rett nok både Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommunar tatt til motmæle. Det er bra. Bra er det også at kulturminister Abid Raja vil påverke Microsoft.

Lydige kundar?

Men hovudinntrykket er dessverre at nynorskkommunane og skulane er for lydige kundar. Sett på spissen: Dei lar seg overkøyre og . Det manglar nynorske alternativ, er ofte forklaringa. Javel, men kvar er motstanden? Kvar er kundemakta og innkjøpskrava? Og kvar er viljen til å bruke dei læremidla som trass alt finst?

Elevar i grunnskulen har rett på læremiddel på sitt eige mål.

Kvifor skal elevar til dømes på Stranda eller i Volda, få spørsmål om «hva kjennetegner skjæra»? Det er lang språkleg avstand mellom skjora og skjæra, sjølv om det er den same fuglen.

Nynorsk-kommunane må ut av den passive og ettergjevande posisjonen mange har plassert seg i. Dei må ta det ansvaret dei har, både overfor språket, men ikkje minst overfor elevane.

Skulane og lærarane, både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen, har også eit profesjonelt ansvar for å syte for at nynorskelevar ikkje blir pressa over til bokmål.

Må mobiliserast

Aksjonar for å sikre lærebøker på nynorsk er gammalt nytt. Vi har tidlegare sett at når elevorganisasjonar, lærarorganisasjonar, og målrørsla og andre slår seg saman er det vanskeleg både for forlag og for politikarar å forsvare uretten.

No må dei same aktørane på bana, saman med kommunane og KS. Det må mobiliserast mot det digitale angrepet på nynorsken. Og viss LNK – Landssamanslutninga av nynorskkommunar – vil vise livskrafta si, må nettopp denne organisasjonen ta ei førarrolle i kampen for nynorsken.

Anders Folkestad
leiar i Stranda mållag

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no