Lesarbrev:

Pengar å spare

Dagens akse: Skal kryssinga av Romsdalsfjorden skje via Romsdalsaksen, Møreaksen eller med ferje, som i dag?  Foto: Staale Wattø

Meninger

Når skal politikarar og direktør i fylkeskommunen vår innsjå kor store økonomiske innsparingar Romsdalsaksen vil medføre for fylkesøkonomien? Ei nødvendig framtidig bygging av eit tilleggsløp i Fannefjordtunnelen, eller ei bru over Fannefjorden, som vil bli bygd og betalt av Staten dersom Romsdalsaksen blir bygd i staden for Møreaksen! Og som sikrar det best tenkjelege ferjefrie sambandet både langs E39 og E6! Kva seier de til det?

Har de råd til å sjå bort ifrå ei slik avlasting på ein anstrengt fylkeskommuneøkonomi, som også inkluderer trafikkmessig og drifts- og vedlikehaldsmessig avlasting på fylkesveg 64 Åfarnes-Åndalsnes?

Dei faglege grunnane som talar for Romsdalsaksen er for mange til at eg får plass i dette innlegget.

Når det gjeld Otrøya og Aukra kommune, så var det synd at de satsa på E39 i staden for å kome før Nordøyvegen med eit fylkeskommunalt fastlandssamband. Men kanskje er det ikkje for seint?

Lars Valderhaug
Tustna

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no