Lesarinnlegg:

«Vindmøllepartiet Ap»

Vindkraft: Anne Marie Fiksdal (Frp), dåverande olje- og energiminister Kjell-Rune Freiberg (Frp) og Frank Sve (Frp) på ferja til Haramsøya for å lytte til vindkraftmotstanden.  Foto: Staale Wattø

Meninger

Det er berre tull, sa Ap-ordføraren Eva Vinje Aurdal i Ålesund, om protestane og kampen mot vindmøller på Haramsfjellet.

Det er rett og slett pinleg og faktisk tenderer det mot forsøk på politisk svindel, det vi har opplevd av Ap og spesielt fylkesordførar Torve i dei siste vekene.

Vi veit alle kva ordføraren i Ålesund, fylkesordførar Torve, og Ap her i fylket har halde på med den siste tida,

Dei har arbeidd aktivt inn mot sine to stortingsrepresentantar, Bjørdal og Norderhus, for at Ap skulle stemme imot framlegget frå Frp med krav om stopp av vindmølleutbygginga på Haramsfjellet.

Dette førte til at Ap med Støre i spissen sikra fleirtalet i lag med regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre, slik at saka vert skubba ut i tid til etter utbygginga sikkert er ferdig og Haramsfjellet rasert!

Samtidig har Torve og Aurdal og andre i Ap forsøkt å dobbeltkommunisere i eit forsøk på å «lure» innbyggjarane til å tru at dei var imot utbygginga på Haramsfjellet.

Dette tenderer til politisk svindel, forsøke å lure sine innbyggjarar til å tru at dei arbeidar for stopp av vindkraftutbygginga på Haramsfjellet, når realiteten er det rake motsette. Skam dykk, Møre og Romsdal Ap, Aurdal og Torve. Lureri i politikken kler dokke slett ikkje.

Endå verre blir det at vår neste fylkesmann i Møre og Romsdal, Else-May Norderhus som no sit på Stortinget for Ap, oppfører seg slik mot innbyggjarane her i fylket.

Dette er innbyggjarane som ho faktisk skal tene i år framover, og som ho rett og slett ikkje lyttar til. Dette her er berre aldeles greinalaust!


Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no