Vårt fylke må få ein større del av satsinga i neste Nasjonal Transportplan (NTP). Eksport- og verdiskapingsfylket Møre og Romsdal er avhengig av gode vegar og hamner for å oppretthalde sitt bidrag til verdiskapinga i Norge. I inneverande NTP-periode får jernbane nesten halvparten av satsinga. Nye Veier og OPS-prosjekt har også ei stor portefølje. Møre og Romsdal har ingen del i Nye Veier/OPS og berre ein liten skjerv til Raumabanen. I inneverande periode er det berre fullføring av Tingvoll-Meisingset og oppstart på Betna-Stormyra (no i Trøndelag) som har vorte oss til del. Elles er det berre lause lovnader om satsing langt fram i tid.

Møre og Romsdal har 11,4 prosent av fastlandseksporten og 4,9 prosent av befolkninga. I transportetatane sitt forslag til prioriteringar, som er gjort etter bestilling og prioriteringskriterium frå Regjeringa, er midlar til prosjekt i vårt fylke runda ned til null prosent om den økonomiske ramma blir «låg», og det er ikkje stort betre om den økonomiske ramma blir høg. I sentrale strøk dekkjer staten også mykje av kostnadene til kollektivtrafikken, fordi den går med jernbane.

Vi meiner fordelinga av ressursar må ta omsyn til eksportindustrien, ikkje berre kvar det bor flest menneske. Når regjeringa seier dei vil legge vekt på samfunnsøkonomisk lønsemd, så er vårt svar at dette ikkje fangar opp omsyn til liv og helse, framkome og bu- og arbeidsmarknader. Dagens modellar fangar ikkje opp fordelane med betre kollektivtilbod, gang- og sykkelvegar og betre flyt i trafikken i byområda. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at nye modellar må utviklast eller andre kriterium leggjast til grunn for å vurdere samla berekraft og samfunnsnytte.

Det andre hovudpoenget vårt er at no må vedlikehald og fornying av fylkesvegar løftast inn i NTP. Vi har over 60 mrd. i etterslep på fylkesvegane i heile landet, nesten 9 mrd. berre i vårt fylke. Fylkesvegane er minst like avgjerande for næringsliv og verdiskaping, busetting og miljømål som riksvegane. Møre og Romsdal fylkeskommune vil at neste NTP skal fokusere sterkare på å tette gapet i standard mellom dei ulike forvaltningsnivåa på transportnettet i landet. Nasjonal transportplan fortener ikkje namnet sitt utan at fylkesvegane kjem med. Over 80 % av vegnettet er fylkes- og kommunevegar, som treng rassikring, tunnelsikring, nye bruer og utbetring og fornying av sjølve vegnettet.

Folkekravet i Møre og Romsdal, altså det vi må gjere noko med først, er vedlikehald, utbetring av flaskehalsar, rassikring, gang- og sykkelvegar, betre ferjefinansiering, lågare takstar på ferje og buss, breiband og god mobildekning. Vedlikehald viser også best samfunnsøkonomisk nytte. På riksvegane held vi fast på det vi har prioritert før men som ikkje har fått løyvingar, med eksportvegen E 136 først. Vi føreset at Årø-Hjelset og Bypakke Ålesund blir vedteke før rullering av NTP, og at E 39 Molde-Ålesund blir prioritert som det nye store prosjektet i Møre og Romsdal. Vi er naturlegvis usamde med Viken i at kyststamvegen ikkje skal prioriterast, og viser til argumenta om fastlandseksport og nytteverdi for heile landet. Sjølv etter den vanvitige fylkessamanslåinga er Viken berre nr. 5 når det gjeld fastlandseksport.