Det er trist lesing i smp dag når direktøren i Zephyr, Olav Rommetveit, går ut og skuldar vanlege folk for ein oppførsel ingen kjenner seg igjen i. Det er positivt at han viser evne til empati, men den er selektiv. Så for å jamne det ut kan han gjerne bli meir kjent med oss som er motstandarar av vindkraftverket på Haramsøya, og som han lettvint skuldar for trakassering og hetsing. Vi som i motsetnad til arbeidarane ikkje kan pakke saman og reise frå dette.

Sjå føre deg at du og din familie vaknar kvar dag med vissa om at heimstaden din er i ferd med å bli øydelagt. Og dette av sterke krefter utanfrå som gjer det berre for økonomisk vinning. Tenk deg at det fjellet du går til for å få brukt kroppen, få fred i sjela eller sjå storheita i naturen, er trua. Tenk å måtte sjå at midt blant særskilde fuglefredingsområde og naturvernområde skal det byggast industri. Tenk deg dei unge familiane som har valt å flytte til denne vakre utkanten og investere i ei framtid her. Dei som vil la borna vekse opp og få glede av naturen og eit fritt liv. Tenk deg dei som ikkje har helse til å gå i fjellet men som ser utover seg sjølv. Som ser verdien av dette for andre og kjempar det dei maktar. Tenk deg alle besteforeldre som ønsker å gi vidare noko som vi har på lån, og som er ein del av oss og vår identitet.

Når du går ut tidleg om morgonen, er det med høg puls og ubehag fordi du må gå inn i ein situasjon du aldri har bedt om eller ønska. Når du ventar på naboen, kollegaen, pensjonisten, studenten som vil møte deg fordi du ikkje kan stå i dette åleine. Når du kl. 05.30 om morgonen ser rekkja av bilar som skal opp og starte maskinene som raskt et seg gjennom myr og sprenger berg. Når du går til fots i lag med venner, og forsiktig nærmar deg store maskiner for å forsinke dei. Då veit du at dette er den mogelegheita du har for å vise at dette kan du ikkje godta. Ikkje for deg sjølv, og ikkje for dei som skal bu her etter deg.

Er Norge tent med at storsamfunnet og firma med stor makt får gå så omsynslaust fram mot små utkantar? Er det greitt at arbeidet får halde fram trass i at akkurat Haram Kraft sin konsesjon vart særskilt nemnt 19. juni når Stortinget vedtok ein gjennomgang av gitte konsesjonar? Har ikkje eit firma som Zephyr også eit etisk og moralsk ansvar? Hadde Zephyr tatt dette ansvaret, så hadde ikkje belastninga blitt trædd nedover vanlege folk.

Arbeidarane har aldri vore våre motstandarar. Mange har slått av ein prat og delt kaffi og twist. Enkelte taklar situasjonen dårlegare og burde sleppe å ha denne jobben. Ein frå Stangeland gjekk til fysisk angrep på ein demonstrant under ein fredeleg gå sakte-aksjon. Dette vart brukt som grunn til å stenge oss som bur her ute frå fjellet. Det er vanskeleg å sjå noko rettferd i dette. Men vi gjer som vi har gjort heile tida: Rettar oss etter det politiet gir beskjed om.

Når det gjeld «å springe fram»: Haramsfjellet er eit ope landskap og det er ikkje mogleg å brått hoppe fram frå tuer og gøymeplassar som ikkje finst. Men etter å ha fått augekontakt med maskinførarane kunne vi stå framfor og stoppe maskiner – før det vart forbode for oss å vere der.

Då NRK var har ute og hadde opptak og intervju med leiar i Nei til vindkraftverk på Haramsøya, skjedde dette tilfeldigvis når arbeidsdagen på fjellet var slutt. Då var det samla om lag 100 støttespelarar. Kvifor arbeidarane frå Stangeland valde å parkere bilane og gå gjennom folkemengda veit vi ikkje. Men det var ingen som hindra eller plaga dei. Det har som nemnt aldri vore vårt mål å ramme dei. Sjølv om vi får tilslengt vår dose av skjellsord.

Medan vi forsvarer oss som best vi kan, jobbar politikken og retten sakte for vår sak. NVE og OED har fått tilsendt eit brev som dokumenterer grundig heile 15 alvorlege feil og manglar ved konsesjonen og forarbeidet til den. Vi trur også at myndigheitene ser det urimelege i at eit så stort og inngripande industriprosjekt skal plasserast på ei lita øy. For oss er ulempene skremmande mykje større enn fordelane.

Og du tar feil Olav, når du påstår at vi er farlege folk i eit ekkokammer. Vi er berre vanlege folk som vil leve våre vanlege liv i eit ekte demokrati.