Leserinnlegg:

«Krafta i vindkraftsaka»

Den store krafta i kampen mot vindkraft har bidratt positivt til å få fram kor viktig det er å ta vare på store naturverdiar og å skåne lokalsamfunn.

Engasjement: Jenny Klinge har merka seg det store engasjementet i vindkraftsaka på Haramsøya.  Foto: Staale Wattø

Meninger

Sjølv var eg på Haramsøya tidleg i juli for å lytte til dei som ikkje ønskjer vindkraftutbygging der, og merka meg det store engasjementet blant både unge og eldre.

Den overordna problematikken er klar: Det er strid mellom ønsket om å byggje ut meir kraft og måten og stadene dette blir gjort på.

Ikkje minst er det gitt konsesjonar for utbygging av vindkraft som no er til dels mange år gamle. Når desse konsesjonane har opna for å bruke nye teknologiske løysingar, har det også ført til at prosjekt som blir bygd seinare enn kanskje tiltenkt får større vindmøller og bruker meir areal enn det som låg som føresetnad i den opphavlege søknaden og konsesjonen.

Korleis skal vi gjera det mogleg å skilje mellom dei openbert ufornuftige prosjekta og dei som er ok, og korleis hindre dei førstnemnde? Det er enkelt å stille desse spørsmåla, men svara er ikkje nødvendigvis så enkle å finne.

Politisk endring krev fleirtal på Stortinget og ei regjering som vil ta tak.

Før sommaren leverte vi i Senterpartiet eit representantframlegg i Stortinget som skal til behandling i haust. (Det var i tråd med eit anna framlegg vi leverte i fjor vår, men som seinare vart nedstemt.) Sjølve framlegget var slik: «Stortinget ber regjeringen legge frem en sak som sikrer lokal medvirkning før, under og etter at konsesjon for vindkraft er gitt, gjennom bred lokal involvering og respekt for demokratiske beslutninger, og som sikrer åpenhet i prosessene.»

Fleirtalet i kommunestyret i Ålesund kommune har gått inn for å løyve midlar som aksjonsgruppa mot vindkraft på Haramsøya kan bruke til ei rettssak. Aksjonsgruppa vil ha ei rettsleg prøving av om konsesjonane der er gyldige eller ikkje. Det bør dei sleppe å bruke pengar på.

På Stortinget bestemte vi nemleg før sommaren at regjeringa skal vurdere om allereie gitte vindkraftskonsesjonar har følgt energilovgivingas og forvaltningslovas krav. Og dersom det ligg føre feil eller manglar i konsesjonen som er i strid med lova, skal forvaltninga stoppe vedtaket. Også regjeringspartia stemte saman med oss i Senterpartiet og andre parti for dette.

Det som er uforståeleg no, er at regjeringa ikkje allereie har sørga for å stoppe vidare arbeid med vindkraftprosjektet på Haramsøya. Stortingets vilje er klar, og det er at alle gitte konsesjonar skal bli granska for å kunne finne eventuelle feil og manglar.

Krafta i vindkraftmotstanden er stor, og det er verdt å lytte til denne. Vi må sørgje for at vidare utbygging av kraft har minst mogleg konsekvensar for naturen og lokalsamfunna, og det er ikkje alle stader vi skal produsere kraft.